Molde slo Aalesunds Fotballklubb 1-0 i ein treningskamp laurdag. Den nye MFK-trenaren Reidar Vågnes trakk dermed det lengste strået i oppgjeret mot sin gamle klubb.
Godt fornøgd
Anders Hasselgård scora målet for Molde like før pause.
Fleire nye spelarar og eit nytt spelemønster gjer at ting ikkje heilt fungerer som det skal for Molde heile tida.
Men MFK-trenar Reidar Vågnes var likevel godt fornøgd etter kampen.
Gjerde i blått
For Molde-spelaren Øyvind Gjerde blei kampen på laurdag litt utanom det vanlege.
Han fekk ikkje ny kontrakt med Aalesund etter sist sesong, og enda i staden opp i Molde.
Og etter kampen måtte Øyvind Gjerde vedgå at det var litt spesielt å spele i blått mot dei oransje.
Tre tap på tre kampar
Etter tapet mot Molde har Aalesunds Fotballklubb tre tap på dei tre siste treningskampane.
Kampane har vore mot eliteserielag, og AAFK-trenar Ivar Morten Normark lar seg ikkje uroe over tapa.