Molde tapte 2-1 for Viking på Molde stadion i kveld, i ein kamp der Molde trengde eitt poeng for å roe nervane framfor siste serierunde komande laurdag. Molde tapte kampen, og må difor truleg ta poeng på Fosshaugane mot Sogndal laurdag 1.november.
Felling utanfor
Molde var verken heldige eller dyktig nok mot Viking. Mellom anna viser TV-bilda ganske tydeleg at fellinga som gav Viking straffespark og
1-0-leiing skjedde utanfor 16-meterstreken. Dommar Tommy Skjerven frå Kaupanger gjorde altså ein feil som truleg kosta Molde det eine poenget dei ville og måtte ha.
Mål nr. 999
Molde utlikna ved Magne Hoseth, som dermed, laga sitt 9.seriemål for sesongen og Molde sitt toppseriemål nr. 999. No kan Molde-fansen håpe at Hoseth lagar sitt 10.mål og Molde sitt nr. 1000 mot Sogndal, og bergar plassen i Tippeligaen. Magne Hoseth var skuffa etter kampen, men til NRK seier han at han ikkje trur at Molde verken rykker ned eller må spele kvalik. Svaret får vi laurdag ettermiddag klokka 14.50. Sigersmålet til Viking mot Molde var ei perle. Tom Sanne smelte til frå 18 meter, og ballen fauk opp i krysset utan sjanse for Knut Dørum Lillebakk.
Treng eitt poeng
Molde greier seg med eitt poeng mot Sogndal, og kan greie seg med tap også. I såfall er dei avhengig av hjelp frå andre lag. Nøkkelkampane vert AaFK- Bryne og Rosenborg- Tromsø, i tillegg til Sogndal- Molde. Det er med andre ord duka for ei heftig avslutning på årets sesong. Laurdag frå klokka tretten. Molde rykte sist ned i 1993, altså for nøyaktig ti år sidan. Den gongen vart det 2-0 tap på gamle Molde stadion for Strømsgodset i den avgjerande kvalik-kampen. Molde har vore uheldige i botnstriden tidlegare. Mange hugsar nok framleis ein viss kamp mellom Molde og Lyn (0-1 på overtid) for langt over tjue år sidan.
|
Petter Chr. Singsaas feller Kristian Sørlie utenfor straffefeltet. |
På Molde måtte midtbanestrategen Magnus Kihlberg stå over med karantene. Bernt Hulsker spelte frå start av også i dag. Det same gjorde Anders Hasselgård. Tobias Carlsson er framleis uaktuell med skade. Molde sitt lag: Lillebakk, Thorsteinsson, Ljung (Råket frå 85.min), Singsaas, Strande, Hestad, Gustafson, Mork, Hasselgård (Røberg frå 53.min), Hoseth, Hulsker. På Molde sin innbyttarbenk: Steffen Haraldsen (reservekeeper), Stigsson, Husøy, Ormbostad, Råket, Røberg, Inderhaug.