Leiria meiner dei feilaktig fekk annulert ei skåring, og at MFK fekk to billige straffespark.
Leiria meiner dommarane var kjøpt og betalt gjennom gåver, skriv Dagbladet. Molde-leiinga avviser skuldingane og avventar reaksjonen frå UEFA.
Hardt ut mot dommaren
Klubbpresident Joco Bartolomeu gjekk kraftig ut mot den ungarske dommartrioen i den seriøse portugisiske avisa Publico. Han meiner dommaren bevisst gjekk inn for å øydelegge for Leiria. Bartolomeu hevdar at han etter kampen med eigne auge såg Molde-leiarane overrekke dommarane det han oppfatta som gåver.
Avviser skuldingane
Espen Silseth i Molde Fotball avviser også skuldingane, men fortel til Dagbladet at presidenten på Leiria i pausen prøvde å angripe dommaren fysisk. Silseth meiner at det meste av det Leiria gjorde bar preg av at dette var første gong dei var med i Europacupen.
|
MFK jublar etter sigeren over Leiria. |