20 år gamle John Andreas Husøy var Moldes beste da hjemmelaget slo Vålerenga 1-0.
Molde-Vålerenga 1-0
1-0:Kai Røberg (14.min)
Gule kort:Rekdal, Jalland, Berre, Hanssen, Hovi (Vålerenga), Gustafsson (Molde).
Tilskodartal: 5219.
Molde laga 1-0 etter eit snaut kvarter av kampen. Kai Røberg fyrte av på volley frå 14-15 meter. Ballen såg ut til å gå innom ein Vålerenga-spelar før den hamna i venstre hjørne for keeper Øyvind Bolthof.
|
Vålerenga pressa Molde i lange periodar og var fleire gonger nær ved å score.
Foto: Gunnar Sandvik
|
Vålerenga pressa på i store delar av kampen, men var svært ineffektive. Molde på si side hadde fleire farlege kontringar utan at det gav resultat.
Molde mangla spelarar som Daniel Berg Hestad og Olafur Stigsson som vart utviste sist kamp mot Tromsø. I tillegg sona Magne Hoseth og Bernt Hulsker for tre gule kort.
Petter Christian Singsaas var også uaktuell etter at han fekk ein kink i nakken.
Debutant
|
Debutant på Moldelaget John Andreas Husøy involverte seg mykje i spelet. Her omringa av fleire spelarar.
Foto: Gunnar Sandvik |
20 år gamle John Andreas Husøy debuterte for Molde i ein obligatorisk kamp.
Midtbanespelaren erstatta Berg Hestad, og gjorde sine saker bra. Han vart også kåra til Molde sin beste spelar av publikum.
Molde tok tre viktige poeng, og eit langt steg bort frå nedrykningsstriden. No ventar Leiria i UEFA-cupen.
Molde reiser allereie tidleg måndag morgon, og kampen vert spelt onsdag kveld.
Molde (4-4-2): Eddie Gustafsson Trond Strande, Tobias
Carlsson, David Ljung, Bjarni Thorsteinsson Kai Røberg (Arild Stavrum fra 70.), Fredrik Gustafson (Stig Arild Råket fra 62.), Magnus Kihlberg, John Andreas Husøy Anders Hasselgård, Thomas Mork (Erland Ormbostad fra 77.)
Vålerenga (4-5-1): Øyvind Bolthof Ronny Døhli (Jonas Krogstad fra 81.), Erik Hagen, Kjetil Wæhler (Morten Berre fra 46.), Tom Henning Hovi Karel Snoeckx (Tommy Edvardsen fra 46.), Jørgen Jalland, Kjetil Rekdal, Ardian Gashi, David Hanssen Freddy dos Santos.