|
Hovudtrenar Gunder Bengtsson |
Sportsleg leiar i Molde Fotballklubb, Bertil Stranden, seier at trenarskifte ikkje var tema på møtet spelarane hadde med klubbleiinga onsdag kveld.
Fleire spelarar skal ha vore misnøgde med trenarane sine taktiske val undervegs i kampane, skriv Romsdals Budstikke.
Molde har berre fem poeng på dei første fem kampane, og er allereie 10 poeng bak Rosenborg.