- Eg håpar at det skal vere mogleg med ei løysing. Så lenge eg har tro så er det mogleg, seier leiar i spelarorganisasjonen NISO Morgan Andersen.
Både spelarane og andre tilsette i Molde er bedne om å gå ned i løn, fordi klubben brukar for mykje pengar.
|
Morgan Andersen leiar forhandlingane for spelarane |
Og det seier spelarane ja til. Men striden står om kor mykje lønene skal ned, og om spelarane skal få individuelle avtalar.
Slike avtalar kan til dømes gå på å korte ned eller forlenge kontraktstida.
Slike avtalar er klubben i utgangspunkt skeptisk til, seier administrerande direktør i Molde Fotball, Espen Silseth.
- Vårt utgangspunkt er at vi har kommet med eit initiativ om ei frivilleg ordning om lønnsnedgang, seier Silseth.
No vert det pause i forhandlingane, truleg resten av veka.