OM NORDRE LAND KOMMUNE
Nordre Land er ein utprega skog- og jordbrukskommune med hovudsenter på Dokka. Kommunen fekk i si tid store areal bandlagt som ei følgje av utbyggjinga av Dokka-vassdraget og Dokkfløydammen. Kommunen, med rundt 7000 innbyggjarar, har ein sterk tradisjon i fløytarmiljøet. Som mange andre kommunar er den offentlege sektoren den største arbeidsgjevaren, med rundt 3500 tilsette.
Enkelte verksemder er store, òg i nasjonal samanheng. Mellom anna treindustrien, konfeksjonsindustrien og metallbearbeidande industri er representert i kommunen. I tillegg finst det eit par store sag og høvleri i kommunen.
POLITISK SITUASJON
Ordfører Rolf Rønningen tok over etter Rolf Ødegård, som døde brått og uventa i 2002. Sjøl om Arbeidarpartiet ikkje har reint fleirtal, er det hovudsakleg dei som styrar lokalpolitikken.
AKTUELLE SAKER
Dokka Ungdomsskole er ein verkebyll for politikarane i kommunen. Neste år må elevane ved skulen vere spreidd for alle vindar på Dokka for at skulen skal rustast opp. Likevel har det kome hard kritikk mot at dette skjer fyrst no. I mange mange år har elevar og lærarar klaga over arbeidstilhøva deira. At dette kjem oppatt under valkampen vil ikkje forundre nokon.
Nordre Land eig Vestoppland Kommunale Kraftselskap (VOKKS)saman med Etnedal. Desse eigardelane vil dei selje, og det har det vore mykje blest om. Spesielt har det vore kritikk mot hemmeleghaldet i saka, som som oftest er debattert bak lukka dører.
Ordførarane i Nordre og Søndre Land har òg sagt at dei vil ha EU-pengar til kommunane i form av eit undervisnings- og forskingssenter i samband med Dokkadeltaet naturreservat. Det blir sjølvsagt eit tema under valkampen om ein skal bruke pengar på dette, framfor å ordne andre kommunale oppgåver.
Kommunen har òg engasjert seg i den vidare drifta av Hov Møbelindustri. Ein del av næringslivet har vore usamd i dette og meint at kommunen da òg må engasjere seg i andre arbeidsplassar som slit for å få hjula til å gå rundt.
Synnfjell Øst har òg vore eit tema til debatt i Nordre Land. Området har fått sin eigen kommunedelplan no, men her har det vore strid om kor mykje utbyggjing fjellområdet toler. Sjølv om det berre var fire som stemte i mot godkjenninga av planen, vil det truleg kome ein debatt om vidare utvikling av Synnfjellet og andre turistområder i kommunen.
Eit anna tema er korleis ein skal få liv i Dokka sentrum. For mange er dette ein daud plass etter at butikkane stengjer. Difor er stadsutvikling eit sentralt omgrep for utviklinga av Dokka.
Kommunen har òg byrja på eit nærare samarbeid med kommunane i Gjøvik og Toten, slik at GLT-regionen kan framstå som ein mer samla tropp når ein skal ha ordskifte om politiske saker. Men ikkje alle er samde i at interkommunalt samarbeid er det viktigaste ein no bør drive med.
KOMMUNESTYRET 1999-2003
Av dei 31 som sit i kommunestyret, kjem 15 frå Arbeidarpartiet. Den største opposisjonsgruppa er Bygdalista i Nordre Land, og dei har seks plassar. Vidare har Framstegspartiet ein, KrF har to og det same har Høgre. Senterpartiet er for tida inne med tre representantar, og SV har to medlemmar av kommunestyret.
VALRESULTAT 1983-2001
LISTER VED VALET I 2003
Disse stiller liste i år: Arbeidarpartiet, Bygdelista i Nordre Land, Demokratene, Fremskrittspartiet, Høgre, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti.