OVERSIKT NYHETER SPORT MUSIKK UNDERHOLDNING FILM LITTERATUR MAT BARN UPUNKT
NRK Toppbanner

Her er du: NRK > Undervisning > Journalistetikk

Oppdatert 20.06.2001 10:52

JOURNALISTETIKK

 

Om almennkringkastaroppdraget

Publisert 12.06.2001 10:45

Vedlegg 2

Referansegruppa bad dei deltakande programmiljøa drøfte og svare på fylgjande to generelle spørsmål:
1. Kva er det ved ditt program som gjer det kvalifisert til å vere eit program i NRK ut frå NRKs oppdrag som allmennkringkastar?
2. På kva måte undersøker de om dei journalistiske val de gjer, er i samsvar med NRKs mandat? Konsulterer de Vær varsom-plakaten (VVP), NRKs programreglar, NRKs mål og strategi m.m.?

Formulere etiske kriterium om kva?


Referansegruppa framheva fire område i NRKs mandat der etiske kriterium er særleg viktige. Med «kriterier» forstår ein her å formulere felles standard/prinsipp/køyrereglar for eit område. På somme område vil ein kunne formulere klare køyrereglar, for andre område drøfte seg fram til haldningar, til kva ein skal leggje vekt på i vurderinga. Referansegruppa bad programmiljøa som er med i prosessen om å leggje vekt på å arbeide med forslag til etiske kriterium på desse områda:
Uavhengige
- Uavhengighet er ein føresetnad for å kunne vere garantist for ytringsfridom, vere vaktbikkje og 4. statsmakt.
- Kva inneber det å ivareta dette kravet i ditt program?
- Kva ser du som brot på dette kravet ?

Truverde
- NRKs truverde kviler på integritet og standard hos journalisten.
- Kva er brot på truverdet i ditt program ?
- På kva område er det særleg viktig å sikre truverdet?

Ta vare på menneskeverdet
Journalistikken er personorientert og vil leite etter menneske som kan gje andlet og stemme til å fortelje kva som hender, forstå ei komplisert sak, eller leve seg inn i vanskelege situasjonar.
- På kva måte kan menneskeverdet bli krenkt i ditt program?
- I kva saker/situasjonar er det vanskeleg å ta vare på menneskeverdet, og kva bør ein vektleggje her?

Vekt på det vesentlige


NRK er med og formar den oppfatning folk får av røyndommen, formidlar verdiar og menneskesyn og har ein viktig dagsordenfunksjon i samfunnet.
- Har stoffvurdering/stoffprioritering vorte påverka av den nye konkurransesituasjonen? Om ja, på kva måte?
- Går det an ut frå NRKs mandat å seie at nokre etiske kriterium for stoffvurdering er viktigare enn andre, kva etiske kriterium er i såfall det?
- På ein årleg dagskonferanse i november/desember (der kontaktpersonar i dei deltakande programmiljøa deltok) vart resultatet av arbeidet presentert for leiinga med tilrådingar om oppfylgjing. Audgunn Oltedal samla og redigerte tilbakemeldingane frå programmiljøa som var med i prosessen i tre rapportar frå Etikkprosjektets arbeid (1996/1997/1998).


 
 
SØK

VERKTØYSIDER
Tanketorget [Ekstern]
10 SISTE JOURNALISTETIKK
18.06.2001 07:27
Journalistrolla

Copyright NRK © 2001   -  Telefon: 815 65 900  -   E-post: info@nrk.no   -   03.01.2009 04:25