OVERSIKT NYHETER SPORT MUSIKK UNDERHOLDNING FILM LITTERATUR MAT BARN UPUNKT
NRK Toppbanner

Her er du: NRK > Undervisning > Journalistetikk

Oppdatert 20.06.2001 10:52

JOURNALISTETIKK

 

KRIMINALJOURNALISTIKK 2

Journalistrolla

Publisert 18.06.2001 07:27

Korleis heng journalistrolla saman med samfunnet elles? Og kan vi seie noko om kva som kjenneteiknar journalisten idag?

Journalistrolla er i endring fordi samfunnet endrar seg. Eit trekk ved dagens journalistikk er at journalisten går tettare på situasjonar enn før, og ofte kjem i nær kontakt med menneske som er i naud og i krise.
-På mange måtar er det journalistikken som bind dette samfunnet saman, seier Olav Njaastad
Vi bur ikkje tett på mange av dei situasjonar livet gjev oss slik vi gjorde før, og det blir også journalistikkens oppgåve å bringe ut meir kunnskap om det som skjer i det private rom, -enten det dreier seg om korleis det er å vere offer, eller om korleis det er å bu saman med ein eldre senil person. Journalistikken skal ikkje berre dekke fakta, men også livsprosessar, og gjere det med ei etisk haldning til dei vi skildrar, seier Njaastad som framhevar at journalisten -for å forstå og formidle- må bruke sitt eige følelsesspekter.

Sjå innslaget her
------------------------------------------------------------------------


"Kontrakten" mellom journalist og intervjuperson

Når journalisten er på plass for å dekke kriminalsaker og ulykker er det viktig å gje lesar, lyttar, sjåar eit møte med dei som er ramma.
Når journalisten vel ut kven som skal intervjuast, så bestemmer journalisten kven som blir kjent i media, kven som går over frå å vere privatperson til å bli ein offentleg person.
Når journalisten gjer avtale med den som skal som intervjuast, er det viktig at både journalist og intervjuperson kjenner rollene sine, og veit kva slags ’kontrakt’ som vert gjort.


Sjå innslaget her
------------------------------------------------------------------------


Ver med og diskuter:

-Korleis påverkar samfunnsendringar (som samlivs-og bumønster) innhaldet i journalistikken?
-Blir det viktigare enn før å bringe ut informasjon om det som skjer i det private rom, f.eks det som politiet omtalar som ’husbråk’?
-Deler du Olav Njaastads vurdering av at det på mange vis er journalistikken som held dette samfunnet saman?
-Kor tydeleg skal journalisten informere om dei påkjenningar og belastningar det ofte er å ’stå fram’ og brått bli ein offentleg person?
------------------------------------------------------------------------

Om pressas arbeidsmåtar i kriminalsaker

Ein journalist ringjer tidlegare klasseveninner av Veronica Orderud med spørsmål om å få tilgang til å bruke klassebilete av Veronica i avisa. Er dette normale og akseptable arbeidsmetodar i pressa?
Les meir
------------------------------------------------------------------------


Sei di meining!

Har du kommentarar og spørsmål eller synspunkt når det gjeld problemstillingar som er presentert på JOURNALISTETIKKs nettsider, så bruk TANKETORGET!
------------------------------------------------------------------------




Ansvarleg for opplegget er Audgunn Oltedal og Egil Eikvil. Nettsidene er utvikla i samarbeid med Høgskolen i Volda og har fått økonomisk støtte frå Verdinettet, Norges Forskningsråd


 
 
SØK

VERKTØYSIDER
Tanketorget [Ekstern]
10 SISTE JOURNALISTETIKK
18.06.2001 07:27
Journalistrolla

Copyright NRK © 2001   -  Telefon: 815 65 900  -   E-post: info@nrk.no   -   03.01.2009 04:13