OVERSIKT NYHETER SPORT MUSIKK UNDERHOLDNING FILM LITTERATUR MAT BARN UPUNKT
NRK Toppbanner

Her er du: NRK > Undervisning > Journalistetikk

Oppdatert 20.06.2001 10:52

JOURNALISTETIKK

 

KRIMINALJOURNALISTIKK 4

Kva er etikk i journalistikken?

Publisert 18.06.2001 07:27

Media har makt til å påverke og vere med og forme folks oppfatning av røyndommen, av kva som er viktig.
Å arbeide med etikk handlar om å stille spørsmål til korleis ein brukar den makt ein har som journalist.
Etikk handlar om kommunikasjon,- om å forvalte makt.
Å arbeide med etikk i journalistikken handlar om å stille spørsmål til val og vurderingar på alle nivå i arbeidsprosessen.


Å ivareta krav til god etikk krev meir enn å halde seg innafor det det presse-etiske regelverket (Vær Varsom Plakaten), lover og forskrifter.
Etikk er ’meir’ enn å unngå erstatningskrav eller å bli felt i Pressens Faglige Utvalg. Etikk handlar både om journalistikkens innhald og om handverket.

Les meir om:
Etiske normer og kriterier for radio og TV - er de annerledes enn for aviser?


------------------------------------------------------------------------

Skilnader mellom allmennetikk og presseetikk

Her finn du innspel til diskusjonen om kva etikk er, om skilnader mellom allmennetikk og presse-etikk, og synspunkt på kva det er å arbeide med etikk både i kriminaljournalistikk og generelt i journalistikken.
(Dei fleste av dei fylgjande sekvensane er frå opptak i samband med forskarkurs i journalistisk etikk,Volda våren 1999)

Svein Brurås: Forskjell på allmennetikk og profesjonsetikk

Ann Karin Bleivik: Media og privatsfæren, eksempel frå bybrua i Stavanger

Ann Karin Bleivik: Personvern i ulykker og katastrofer

Ann Karin Bleivik: Den gylne regel og presseetikk

Dagfinn Føllesdal: Om forskjell på etikk og moral

Dagfinn Føllesdal: Om plikt til å seie frå

Dagfinn Føllesdal: Om den gyldne regel

Per Egil Hegge: Integritet og inhabilitet

Per Egil Hegge: Bruk av navn

I desse innslaga vert det sagt mykje om kva journalistetikk er. Er du einig i det som vert sagt? Kva ser du som det viktigaste?

Etter Sleipnerulukka kritiserte media først mannskapet for ikkje å ha gjort jobben sin, for så seinare å gje enkelte av dei heltestatus.

Olav Njaastad kritiserer det forteljargrepet journalistar ofte brukar når dei dekker krim og ulukker. Å peike ut ’heltar’ og ’skurkar’ er ein ujournalistisk måte å presentere fakta på, seier han.

Sjå innslaget her:


Ver med og diskuter:

Gjeld ’den gyldne regel’ for journalistar? Står tenkjemåten ’publish and get damned’ i strid med ei etikkforståing som vektlegg journalistens ansvar for konsekvensane av det som vert publisert?

------------------------------------------------------------------------

Kva verdier forpliktar journalisten i allmennkringkastaren?

Dette var ei sentral problemstilling i NRKs Etikkprosjekt. Andre spørsmål som vart drøfta var:
- Kva er brot på truverde/på kva område er det særlig viktig å sikre truverde?
- Kva inneber kravet om uavhengighet i arbeidet med programma?
- Kva vil det seie å leggje vekt på det vesentlege ?

Med utgangspunkt i NRKs formålsparagraf har prosjektet framheva at journalistikken i allmennkringkastaren skal 'vere uavhengig, ha truverde, ta vare på menneskeverdet, leggje vekt på det vesentlege, ta vare på saklighetskravet'.
Å arbeide med etikk


Identifisering i kriminalsaker

Kva skal vege tyngst; vår rett til bli informert , eller retten til å vere anonym? Ofte kjem ulike media til tvert motsett syn. To jenter vart brutalt drepne i Kristiansand våren 2000, og mange media valde å identifisere dei sikta då dei vart arresterte i oktober,- andre media anonymiserte dei to unge mennene. VG og TV 2 namn og bilete og bilete på dei sikta, Dagsrevyen og Stavanger Aftenblad gjorde ikkje det.
Les meir
------------------------------------------------------------------------


Sei di meining!

Har du kommentarar og spørsmål eller synspunkt når det gjeld problemstillingar som er presentert på JOURNALISTETIKKs nettsider, så bruk TANKETORGET!
------------------------------------------------------------------------



Ansvarleg for opplegget er Audgunn Oltedal og Egil Eikvil. Nettsidene er utvikla i samarbeid med Høgskolen i Volda og har fått økonomisk støtte frå Verdinettet, Norges Forskningsråd


 
 
SØK

VERKTØYSIDER
Tanketorget [Ekstern]
10 SISTE JOURNALISTETIKK
18.06.2001 07:27
Journalistrolla

Copyright NRK © 2001   -  Telefon: 815 65 900  -   E-post: info@nrk.no   -   03.01.2009 04:15