OVERSIKT NYHETER SPORT MUSIKK UNDERHOLDNING FILM LITTERATUR MAT BARN UPUNKT
NRK Toppbanner

Her er du: NRK > Undervisning > Journalistetikk

Oppdatert 20.06.2001 10:52

JOURNALISTETIKK

 

KRIMINALJOURNALISTIKK 1

Heller meir enn mindre krimstoff i media

Publisert 18.06.2001 07:27

-Finst det drap som er viktigare enn andre drap, finst det vald som er viktigare enn annan vald?, spør Olav Njaastad. Dersom pressa slutta å omtale drap, eller berre så vidt registrerte drapssaker, kva ville det seie om samfunnets innretning og verdiar? Njaastad meiner mykje kan gjerast for å betre kvaliteten på kriminaljournalistikken.

Kriminalstoffet får for stor plass

-Slik dekkinga er i dag, får kriminalstoffet for stor plass i media. Det seier Helen Bjørnøy, medlem av Pressens Faglige Utvalg (PFU) .
-Er det pressas oppgåve å gje eit eit såkalla heilskapsbilete av ei kriminalsak, spør førsteamanuenisis Odd Raaum ved Høgskolen i Oslo.
Møt Odd Raaum, Helen Bjørnøy og Olav Njaastad i programmet ’Når journalisten dekker kriminalsaker’

Sjå heile programmet her:


Om journalistrolla

Journalistrolla er i endring fordi samfunnet endrar seg. Journalisten går tettare på situasjoner enn før og kjem ofte i nær kontakt med menneske i naud og krise. Journalistikken skal ikkje berre dekke fakta, men også livsprosessar.
Om journalistrolla

Om pressas arbeidsmåtar i kriminalsaker

Ein journalist ringjer klassevenninner av Veronica Orderud med spørsmål om å få tilgang til å bruke klassebilete av Veronica i avisa. Er dette normale og akseptable arbeidsmetodar i pressa?
Om pressas arbeidsmåtar..

Kva er etikk i journalistikken?

Media har makt til å påverke og vere med og forme folks oppfatning av røyndommen, av kva som er viktig. Å arbeide med etikk handlar om å stille spørsmål til korleis ein brukar den makt ein har som journalist.
Kva er etikk i journalistikken?

Identifisering i kriminalsaker

Kva skal vege tyngst; vår rett til bli informert , eller retten til å vere anonym? Ofte kjem ulike media til tvert motsett syn. To jenter vart brutalt drepne i Kristiansand våren 2000, og mange media valde å identifisere dei sikta då dei vart arresterte i oktober,- andre media anonymiserte dei to unge mennene.
Identifisering i kriminalsaker
 

Kameraet, reportasjen og virkeligheten

"For bruk av bilder gjelder de samme aktsomhetskrav som for skriftlig og muntlig fremstilling", heter det i Vær Varsom-plakaten (4.12) Det heter også " Vær varsom med bruk av bilder i annen sammenheng enn den opprinnelige." (4.10)
Kameraet, reportasjen og virkeligheten

------------------------------------------------------------------------

Studieopplegg om kriminaljournalistikk

På desse nettsidene finn du eit studieopplegg om kriminaljournalistikk.Opplegget tek m.a. utgangspunkt i tre saker som prega mediebiletet i 1999, Zedinisaka, Orderudsaka og Hedrumsaka
Studieopplegget er utarbeidd av amanuensis Svein Brurås ved Høgskolen i Volda i samarbeid med NRK.
Svein Brurås er saman med Lars Arve Røssland forfattar av rapporten om pressas dekking av Hedrum-saka , som dei skreiv på oppdrag frå Norsk Journalistlag.
(link til studieopplegg)
------------------------------------------------------------------------

Sei di meining!

Har du kommentarar og spørsmål eller synspunkt når det gjeld problemstillingar som er presentert på JOURNALISTETIKKs nettsider, så bruk TANKETORGET!


------------------------------------------------------------------------

Ansvarleg for opplegget er Audgunn Oltedal og Egil Eikvil. Nettsidene er utvikla i samarbeid med Høgskolen i Volda og har fått økonomisk støtte frå Verdinettet, Noregs Forskningsråd


SE OGSÅ:
  • Om journalistrolla Kriminaljournalistikk 2
  • Om pressas arbeidsmåtar.. Kriminaljournalistikk 3
  • Kva er etikk i journalistikken? Kriminaljournalistikk 4
  • Identifisering i kriminalsaker Kriminaljournalistikk 5
  • Kameraet, reportasjen og virkeligheten Kriminaljournalistikk 6


  •  
     
    SØK

    VERKTØYSIDER
    Tanketorget [Ekstern]
    10 SISTE JOURNALISTETIKK
    18.06.2001 07:27
    Journalistrolla

    Copyright NRK © 2001   -  Telefon: 815 65 900  -   E-post: info@nrk.no   -   03.01.2009 04:13