OVERSIKT NYHETER SPORT MUSIKK UNDERHOLDNING FILM LITTERATUR MAT BARN UPUNKT
NRK Toppbanner

Her er du: NRK > Undervisning > Journalistetikk

Oppdatert 20.06.2001 10:52

JOURNALISTETIKK

 

Kva opplevde programmiljø som problemområde?

Publisert 12.06.2001 10:10

I tilbakemeldingane frå programmiljøa var det nokre område som peika seg ut som konfliktfylte. Programmiljøa kom med tilrådingar til leiinga (1996/97/98) for område dei vurderte som etisk vanskelege i det journalistiske arbeidet. Felta krim- og ulykkesjournalistikk, sponsing og kommersielt press, leiarar og etikk, kjeldekritikk og bruk av bilete, var område som vart framheva som viktige.

Krim og ulykker


Om krim og ulykker vart det sagt at 'NRKs praksis for dekking av kriminal- og ulykkesstoff spriker for mykje, og det er behov for ein gjennomgang av dagens praksis med sikte på å kome fram til felles kriterium for å dekkje dette feltet.' På bakgrunn av denne konklusjonen frå programmiljøa (96) gjekk ei gruppe gjennom dette feltet og la (97) fram 'NRKs policy ved dekning av ulykker og kriminalsaker. Et forsøk på klargjøring'. Tilrådinga overfor leiinga var at gruppas forslag 'vert lagt til grunn for arbeidet med å byggje opp ei felles haldning til dekking av dette stoffområdet i nyhets- og distriktsdivisjonen'. NRK Nyhetsdivisjonen (NYDI) har utarbeidd retningsliner ’Bevissthet i gjerningsøyeblikket’for dekking av krimsaker og ulykker (lenke til retningsliner).

Sponsing/kommersielt press


Ei tverredaksjonell gruppe gjekk (97) gjennom det medarbeidarar opplever som problemområde når det gjeld sponsing/kommeresielt press. Dei framhevar at;
- Programreglanes krav til medarbeidarar vert forstått/praktisert noko ulikt, også innan same type programområde. Det vil vere nyttig med ein gjennomgang av regelverk/freelanceavtalar for å sikre lik praksis i møte med kommersielt press.
- For dei område der sponsing er tillate, bør arbeidet med å finansiere program skiljast frå det redaksjonelle arbeidet med programma.
- I møte med feltet sponsing/kommersielt press bør NRK vurdere å utarbeide sin eigen plakat (sponseplakat) for å sikre truverde og redaksjonell uavhengighet i programarbeidet. I tillegg til ein slik plakat bør det utarbeidast ei handbok med oversikt over gjeldande regelverk og rettleiing for å sikre lik bruk av regelverket.

Oppfylgjing av gruppas arbeid vil skje etter at Stortinget har vedteke nye reglar for sponsing.

Kjeldekritikk


NRK bør styrke arbeidet med kjeldekritikk i sitt opplæringstilbod og som ein fast del av det daglege programarbeidet i redaksjonane. Ein ide kan vere å samle erfaringar (journalistisk kompetanse) i ei "oppskriftsbok/kokebok" som gjev konkret rettleiing i krav til god kjeldekritikk. Det var konklusjonen frå den tverredaksjonelle gruppa som arbeidde med PR byrå og journalistikk.

Bruk av bilete


Med sine forskjellige dokumentarmiljø er NRK' i spiss' når det gjeld denne genren i media. Ei gruppe med deltakarar frå Radiodokumentaren,Brennpunkt og U gjekk gjennom kva dei meiner er viktige og vanskelege etiske utfordringar her,dei vektla at 'de etiske problemstillinger dokumentarproduksjoner står overfor er generelt veldig forskjellig fra nyhetsjournalistikkens etiske dilemma. Medvirkende og deres liv blir brukt på en helt annen og mer krevende måte enn det nyhetsjournalistikken gjør.' Sentrale konklusjonar er at
- det må i dokumentarproduksjon setjast av tid og ressursar til djuptpløyande etiske vurderingar
- NRK må ligge i forkant når det gjeld bruk av DV-produksjonar. I allmennkringkastaren kan etikken vere styrande framfor kommersielle interesser når det gjeld videodagbøker.

Leiarar og etikk


Rapportane frå dei deltakande programmiljø viser at det er behov for klarare svar frå leiarar i NRK på alle nivå på spørsmål som gjeld etikk og journalistikk, og spørsmål om arbeidet med NRKs dagsordenfunksjon.
I erfaringsmaterialet ligg innspel/verktøy som kan brukast i arbeidet med å konkretisere vesentlighetskravet, i drøfting av krav til etisk standard og spørsmål om programmets dagsordenfunksjon. M.a.NRK Østlandet, NRK Nordland, Her og Nå, gruppa som arbeidde med sponsing/kommersielt press, har arbeidd med desse områda.
NRKs leiaropplæring fylgjer opp fleire av desse problemstillingane.
Korleis kan arbeidet med etikk/allmennkringkasting styrkast i det daglege redaksjonelle arbeidet? Adresseavisen har eit ’etisk utval’ som fortløpande drøftar problem av typen ’gratisreiser’ eller køyrereglar for eigne journalistar når dei skal dekke eit arrangement Adresseavisa har sponsa. I Aftenposten har sjefredaktør bedt ein seniormedarbeidar vere etisk rådgjevar. ’Etisk rådgjevar’ og /eller ’etisk utval’ kan også for NRK vere aktuelle måtar å styrke arbeidet med etikk/allmennkringkasting .

Allmennkringkastingsreknskapet


Med utgangspunkt i NRKs formål og oppdrag i samfunnet utarbeider NRK Forskningen kvart år (frå 1996) eit reknskap for korleis NRK gjer jobben som allmennkringkastar (meir lenke). Allmennkringkastingsreknskapet dokumenterer og konkretiserer korleis NRK utfører sitt allmennkringkastaroppdrag. Reknskapet er slik også ein del av eit utviklingsarbeid som synleggjer NRKs forståing og oppfatning av kva det er å vere allmennkringkastar.
Erfaringsmaterialet frå programmiljøa som deltok i Etikkprosjektet er blitt brukt i arbeidet med å utvikle Allmennkringkastingsreknskapet. I materialet frå Etikkprosjektet (m.a. årsrapportane 96/97/98) ligg stoff til å arbeide vidare med forståings- og evalueringskriterier for radio- og tv-journalistikken i ein allmennkringkastar, -til drøfting av formålsparagrafens honnørord om at NRK skal ’…konsekvent fremme ytrings og informasjonsfriheten,
de demokratiske grunnverdier og de grunnleggende menneskerettigheter og det enkelte menneskes frihet og verdighet. Programvirksomheten skal preges av allsidighet, upartiskhet, saklighet og skal legge vekt på det vesentlige’.
Korleis 'vesentlighetskravet' og kravet om å ivareta 'det enkelte menneskes frihet og verdighet' skal forståast har vore ei sentral problemstilling i Etikkprosjektets arbeid .Det same har 'saklighetskravet' og spørsmålet om kva det betyr å vere uavhengig og å ha truverde og i tillit i programarbeidet.

Prosessen viktigast


Omlag 500 medarbeidarar i radio og fjernsyn var aktivt med i utviklingsarbeidet som vart utført i Etikkprosjektet dei tre åra prosjektet varde. Journalistane sette ord på taus kunnskap,-på kva dei opplever som utfordringar og problemområde for journalistikken i NRK.
Når det gjeld Etikkprosjektets arbeid med å 'bidra til å utvikle forståelses- og evalueringskriterier for radio- og Tvjournalistikk i en allmennkringkaster', - så gav dei deltakande miljøa gode innspel. Prosessen gav bidrag til å auke NRKs kunnskap og kompetanse om medieetikk og allmennkringkasting. Operasjonalisering av allmennkringkastaroppdraget til 4 -5 sentrale krav til journalistikken i NRK vart opplevd som relevant og meiningsfull i programmiljøa.
’Sjølve prosessen,arbeidet med å setje ord på kva NRKs oppdrag betyr for journalistikken,på kva som blir opplevd som vanskeleg i det journalistiske arbeidet, var det viktigaste.’ Dette var tilbakemeldinga frå fleire.


 
 
SØK

VERKTØYSIDER
Tanketorget [Ekstern]
10 SISTE JOURNALISTETIKK
18.06.2001 07:27
Journalistrolla

Copyright NRK © 2001   -  Telefon: 815 65 900  -   E-post: info@nrk.no   -   03.01.2009 04:25