OVERSIKT NYHETER SPORT MUSIKK UNDERHOLDNING FILM LITTERATUR MAT BARN UPUNKT
NRK Toppbanner

Her er du: NRK > Undervisning > Journalistetikk

Oppdatert 20.06.2001 10:52

JOURNALISTETIKK

 

KRIMINALJOURNALISTIKK 3

Om pressas arbeidsmåtar i kriminalsaker

Publisert 18.06.2001 07:27

Ein journalist ringjer tidlegare klasseveninner av Veronica Orderud med spørsmål om å få tilgang til å bruke klassebilete av Veronica i avisa. Er dette normale og akseptable arbeidsmetodar i pressa?

NJ-leiar Olav Njaastad meiner det er ein uvanleg arbeidsmetode knytta til ei uvanleg sak, og at han ville oppleve det som nedverdigande å måtte jobbe på den måten for å skaffe eit bilete.
Han viser til situasjonen i Sverige der den informasjon som ligg om personar i offentlege arkiv -også bilete- er tilgjengeleg materiale for alle, og han seier at det hadde vore betre for alle partar om det også var tilfelle i Noreg.


Sjå innslaget her
------------------------------------------------------------------------


Bruk av bilete i annan samanheng?

Er det rett å bruke bilete i ein annan samanheng enn den opprinnelege? Bør ein fotograf kunne seie nei til slik bruk av bilete?
Kva vurderingar ligg til grunn for val av bilete?


------------------------------------------------------------------------

Kritikk av pressas dekking i Hedrum-saka

I debatten etter Hedrum-saka har medias arbeidsmetodar for å få fatt i eksklusive oppslag,vore ei hovudsak:
Zedini-saka
Orderud-saka
Hedrum-saka
Hedrum-rapporten

Ver med og diskuter:

-Er det, og bør det vere ein vanleg arbeidsmåte i media å ringje opp privatpersonar for å få bilete av sikta eller andre impliserte i kriminalsaker?
-Ville betre arbeidsvilkår for media(som f.eks det svenske media har) gitt betre dekking av kriminalsaker?
------------------------------------------------------------------------


Kva er etikk i journalistikken?

Media har makt til å påverke og vere med og forme folks oppfatning av røyndommen, av kva som er viktig. Å arbeide med etikk handlar om å stille spørsmål til korleis ein brukar den makt ein har som journalist.
Les meir
------------------------------------------------------------------------


Sei di meining

Har du synspunkt på det som blir teke opp i programma og på nettsidene eller om du har spørsmål om temaet, kan du kome fram med dette på TANKETORGET.
------------------------------------------------------------------------



Ansvarleg for opplegget er Audgunn Oltedal og Egil Eikvil. Nettsidene er utvikla i samarbeid med Høgskolen i Volda og har fått økonomisk støtte frå Verdinettet, Norges Forskningsråd


 
 
SØK

VERKTØYSIDER
Tanketorget [Ekstern]
10 SISTE JOURNALISTETIKK
18.06.2001 07:27
Journalistrolla

Copyright NRK © 2001   -  Telefon: 815 65 900  -   E-post: info@nrk.no   -   03.01.2009 04:15