2022 er straks over. Vi har samla saman nokre av dei fine tinga har skjedd det siste året.

10 positive nyheiter frå 2022

Noreg og verda opna opp!

Den 12. februar 2022 opna Noreg igjen. Regjeringa fjerna blant anna påbodet om munnbind, og «meteren».

I løpet av året har store delar av verda opna, og mange har fått reise til utlandet igjen.

Mustafa Hasan fekk opphald i Noreg.

Mustafa kom til Noreg i 2008.

I 2021 fekk broren hans opphald, medan Mustafa fekk beskjed om å forlate landet.

Han saksøkte den norske staten, og i februar fekk Mustafa opphald.

«Eg knakk saman på bakken då advokaten sa «du har fått innvilga opphald». Eg fekk sjokk då han sa det.»

Mustafa Hasan

VM-gull på 5000 meter.

Jakob Ingebrigtsen (21) tok VM-gull med ei vinnartid på litt over 13 minutt. Gullet er Noreg sin første VM-medalje på 5000-meteren noko sinne.

«Hen» er i ordboka.

Språkrådet har bestemt at pronomenet «hen» skal inn i ordboka. No er det på plass både i Bokmålsordboka og Nynorskordboka.

Vi fekk reise på festivalar igjen.

I 2022 har folk fått reise på alt frå Moldejazz til Øyafestivalen igjen.

Den nye musikkfestivalen Neon var blant dei som opna årets festivalsommar i juni, og konserten til Karpe gav utslag på jordskjelvskalaen.

Kvinnehelse.

Spania vil innføre mensen-permisjon. Folk som slit med menssmerter kan få fri frå jobben i opptil tre dagar i månaden.

Frankrike vil ta opp kampen mot endometriose. Sjukdomen er den største grunnen til at folk i Frankrike slit med å få barn.

Dyreliv.

Eit Sumatra-nashorn vart fødd på eit dyresenter i Indonesia, og dette gir håp for arten som er kritisk trua.

Filippinane har innført forbod mot barneekteskap.

Kvar sjette kvinne som giftar seg i landet er under 18 år. Den nye lova kan gi opptil tolv år i fengsel for dei som giftar seg med eit barn.

Ny ALS-medisin godkjend.

«Ice bucket challenge» har samla inn over 600 millionar kroner til forsking på nervesjukdommen ALS. Ein del av desse pengane blei sett av til forsking på ein ny medisin, som no er godkjend i USA.

«Jul i Blåfjell» er tilbake.

NRK har fått på plass ein arkivavtale som gjer at mange gamle TV- og radioprogram kan leggast ut i NRK TV og NRK Radio.

«Jul på Månetoppen», «Kodenavn Hunter», «Berlinerpoplene» og «Offshore» er blant programma som no er tilbake.

Journalist

Helene Solheim

Redaktør

Joar Elgåen
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal