Ord som naturen har tenkt ut.
"Astronaut i magarommet" var tittelen på Ove Røsbak si diktsamling som kom ut i 1995. Det er vare dikt der både det ufødte, det nyfødte og det vesle barnet møter oss.
Ung debutant
 |
Foto: Gyldendal forlag |
Ove Røsbak starta tidleg å skrive. Debutsamlinga "Lævandes dikt" kom i 1978, og då var forfattaren enno i tenåra. Men som gjest i Poesi-tid røper han at skrivinga starta han med alt i 10-11 års-alderen.
Men på den tida var stilen helst litt høgverdig, "Bjørnsonsk". Han la også sin elsk på anti-krigsdikt, fortel han med eit smil på lur.
Børli og Jacobsen
Då eg vitja forfattaren i huset hans i Ryllikvegen på Lillehammer, hadde han nyleg fullført sin biografi om Rolf Jacobsen, kanskje den lyrikaren Røsbak vil sette aller høgst. Men i ungdomen var han også svært oppteken av dikta til Hans Børli.
USA
Røsbak innrømmer at han, kanskje særleg i yngre år, vart lei av å bli kalla heimstad-diktar. Og som utvekslingsstudent i USA gjekk han på skrivekurs for å rive seg laus frå denne tradisjonen. Men sjølv om han der skreiv dikt på engelsk, vart det til at han omsette dikta til Hedmarksdialekt når han kom heim. Og mange av dikta i boka "Astronaut i magarommet" er nettopp eksempel på dette.
Poesi-tid, NRK P2
Måndag 11/3 2002
klokka 1930