skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
toppbanner_livet3
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > På livet laus Sist oppdatert 15:52
 

Jenta i Skindalen

I enden av Møsvatn tar du stien innover dalen og berre går og går. Til slutt kjem du til Skindalen og garden der Anne Vågen Skindalen alt som barn lova å bli verande. Då har du gått ein time og ikkje sett anna enn elva, berga og blåklokkene.

Publisert 06.04.2001 16:57. Oppdatert 30.11.2001 10:15.

Leikekameratane i haugen

Å veksa opp så langt frå andre born ga næring til fantasien. Ein onkel fortalde Anne om eit løyndomsfullt folk inni haugane. Det var spennande for veslejenta. Så om ho ikkje trudde så heilt på onkels historiar, vart desse usynlege der inne med i leiken.

Truskapen til dalen

Det var tøft for ei jente frå villmarka å koma på internatskule. Ho var berre 7 år gamal og hadde fått rå seg sjølv. Her måtte ho vera lydig mot læraren og tilpassa seg andre elevar. Ho trivdes ikkje. Så ein dag det var skulefri, stakk ho til fjells og såg heimover. Då lova Anne seg sjølv at ho aldri skulle reisa frå dalen sin.

Ingen mann takk!

I dag bur Anne i lag med far sin som einaste i Skindalen. Mora som var fødd her, lengta alltid ut, men vart her til ho døydde berre 62 år gamal. Anne korkje lengtar ut eller saknar make. Visst har ho forelska seg, men ingen kjærleik er større enn den til dalen. For kom der ein kar, kunne han tenkja turisme og profitt! For Anne er det livsviktig at naturen ho vaks opp i skal vera som den var og har vore.
Men - korleis blir det om far blir borte - og Anne blir åleine med sine tre kyr?


Av Åshild Ulstrup
På livet laus, NRK P2, 8. og 12.april 2001


 
Søk i NRK Nettradio
Banner Redaksjonen
PÅ LIVET LAUS
Sendetider i P2:
Søndager kl. 8.30
Torsdager kl. 14.30 (R)
KOLOFON
Post: RC41, NRK, 0340 OSLO
På livet løs
Tlf: 23 04 88 64
Faks: 23 04 74 70
10 SISTE PÅ LIVET LAUS
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no