skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
toppbanner_livet3
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > På livet laus Sist oppdatert 15:52
 

Gamalkommunisten på Finnskogen

Når Øystein Gransjøen tenkjer på at Finnskogen var folketom til finske innvandrarar slo seg ned her for fleire hundre år sidan, og samstundes ser kor mange heimar som idag er utan livsvilkår, tenner den gamle kommunisten.

Publisert 30.03.2001 15:18. Oppdatert 30.11.2001 10:23.
For kommunist kallar han seg ennå, småbrukaren ved svenskegrensa - om enn det berre vert med ideala og engasjementet nå.

Lykkeleg ulykke

Livet på Finnskogen var å arbeida for andre i skogen. Alt som gutunge måtte Øystein Gransjøen med far sin og andre vaksne karar på tømmerhogst langt heimafrå. Dei måtte overnatta og låg trongt hugsar Gransjøen, som ennå kjenner den stramme lukta av skråtobakk og snus. Då øksa til far ein dag tok tommelen hans, var det ein lykkeleg gut som skunda seg heim og vidare til sjukehuset. Han gløymer aldri den gode maten og det gode stellet der.

Flukta under krigen

Familien ved svenskegrensa låg lagleg til for losing av flyktningar under krigen. Sjølv fylgde han fleire over til nabolandet, men måtte sjølv røma til slutt. Her utdana Gransjøen seg til politimann, men yrket var ikkje det rette for ein Finnskogens son. Snart vende han tilbake til barndomsheimen i lag med si svenske kone. Her dreiv han jorda, og som kommunepolitikar fekk han brukt sitt engasjement.

75 år - som ei katte

I dag kjenner Øystein Gransjøen seg sprek som "ei katte". Han er ute av politikken, men den gamle kommunisten tenner like sterkt når samtalen dreiar seg om uretten i verda og grådigskapen i vårt eige land.
Ennå er det spenning rundt kvar ny sving - og ennå lever dei som er eldre og har meir å fortelja. Dei får ofte besøk, men kvifor får mange så dårleg pensjon at dei ikkje har til kaffikoppen på kaféen - medan andre strør rundt seg med luksushytter, bilar og båtar?
Den gamle politikaren tenner.


Av Åshild Ulstrup
På livet laus, NRK P2, 1. og 5. april 2001


 
Søk i NRK Nettradio
Banner Redaksjonen
PÅ LIVET LAUS
Sendetider i P2:
Søndager kl. 8.30
Torsdager kl. 14.30 (R)
KOLOFON
Post: RC41, NRK, 0340 OSLO
På livet løs
Tlf: 23 04 88 64
Faks: 23 04 74 70
10 SISTE PÅ LIVET LAUS
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no