skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
toppbanner_livet3
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > På livet laus Sist oppdatert 15:52
 
Karl Vibe-Müller:

Over og under jord,før og etter åtti.

Å bli 80 år er eit skilje i livet, meiner arkeologen Karl Vibe-Müller. Han er 82 og ikkje lenger aktiv i sitt yrkesliv, men like vital og engasjert i faget.

Publisert 02.03.2001 13:44. Oppdatert 11.04.2001 11:13.
For tida reiser han rundt med kåseri om Edens Hage. I Bibelen som overalt finn Vibe-Müller spennande arkeologiske utfordringar.

Over åtti - eit intet

Karl Vibe-Mûller er 82 år gamal, men kjenner seg fysisk som ein 60-åring og åndeleg som ein 40-åring.
- Korleis ein kjenner seg sjølv er eitt. Korleis andre ser på ein er noko anna, fortel Vibe-Müller, som oppdaga at interessa for personen blir annleis når du fortel at du er over 80. Han meiner det er ei kjensgjerning at det du er og står for ikkje lenger tel som tidlegare.
Kva det gjer med han, veit han ikkje sikkert. Han har berre registrert det.

Kjære Gud - gje far tilbake

Karl Vibe-Müller er fødd i Oslo. Far handla med olje, men døydde då guten var sju år gamal. Mor, som tidlegare hadde vore skodespelar, vart nå åleine med sine to søner, den andre,Titus, er kjend filmskapar. Karl sakna far sin og ba til Gud om å få han tilbake. På skulen lærde han at "be så skal du få!" Men det kom ingen far.

Arkeologien - meir enn å grava i jord

I desse dagar fartar Vibe-Müller omkring med kåseriet sitt om Edens Hage. Mellom palmene i denne frodige hagen voks der appelsinar, fiken og dadlar. Her planta Gud kunnskapens og livsens tre. Ingen måtte eta av desse. Men Eva let seg freista, plukka eit eple og ga det til Adam.
Men på den tida fanst ikkje eplet, påstår arkeologen, som nå spar like intenst i Bibelen og andre historiebøker som han tidlegare spadde i jorda.
Arkeologien er stadig ei reise. Ved sida av arbeidet ved Oldsaksamlinga i Oslo, var Vibe-Müller var mellom anna på utgravingsferd til Kuwait og Egypt.

Kor er champagnen?

Å vera over 80 set mange tankar i sving. Korleis blir framtida? Eitt er han sikker på: Blir han hjelpelaus, skal han på aldersheim. Men duknakka reknar ikkje den gamle å bli. Får han ikkje frokost når han ynskjer den, vil han truga med å gå på kjøkenet sjølv. Og kor er champagnen?
Men verst må det vera for den barnlause arkeologen å skilja seg frå alt han har samla.
Så spør mannen som ikkje har sluppe blikket frå dei unge kvinner: "Kor er ynden?" Nå er det ganglaget han er opptatt av, påstår han.


Av Åshild Ulstrup
På livet laus, NRK P2, 4. mars 2001


 
Søk i NRK Nettradio
Banner Redaksjonen
PÅ LIVET LAUS
Sendetider i P2:
Søndager kl. 8.30
Torsdager kl. 14.30 (R)
KOLOFON
Post: RC41, NRK, 0340 OSLO
På livet løs
Tlf: 23 04 88 64
Faks: 23 04 74 70
10 SISTE PÅ LIVET LAUS
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no