skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
toppbanner_livet3
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > På livet laus Sist oppdatert 15:52
 

Å gå - for livet og av lidenskap

Dei beste tankane tenkjer vi med føttene. Og ordet tankegang har meir enn ei tyding. Biologen Olaf Schjøll hadde ein draum om å gå Norge på langs. Det vart meir enn ein lang tur og to par utslitne fjellstøvlar - det vart eit vendepunkt i livet:
- Jeg fikk en lenke mellom kroppen og følelseslivet på en helt annen måte enn før.

Publisert 23.02.2001 15:24.
Filosofen Søren Kierkegaard kunne ikkje leva utan sine vandringar:

”Mist fremfor alt ikke lysten til å gå. Jeg går meg hver dag mitt daglige velbefinnende til, og går fra enhver sykdom. Jeg har gått meg til mine beste tanker, og jeg kjenner ingen tanke så tung at man ikke kan gå fra den. Når man således blir ved å gå, så går det nok.”

Menneskebad

Kierkegaard skreiv denne berømte lovprisinga av spaserkunsten i eit brev til svigerinna Henriette Kierkegaard – som for det meste heldt seg i senga.
År etter år tok Kierkegaard sitt daglege ”menneskebad” i gatene og på torga i København, og snakka med medborgarar av alle slag. Men han søkte også einsemda i alléane og på dei gamle københavnske vollane rundt byen.
Han gjekk samstundes for livet: ei skrøpeleg helse gjorde at mosjon og frisk luft var ein føresetnad for å greie det store arbeidstempoet og dei prestasjonane han påla seg som forfattar.

Frykter intet når jeg får gått

”I brev til ein spaservenn, jus-professor Kolderup-Rosenvinge, som ofte reiste på landet for helsas skuld, skriv Kierkegaard:

"Det De spaserer er det viktigste. Jeg som ikke forstår meg på politikk, forstår meg derimot grunnleggende på det å spasere. Mitt syn på livet er som prestens: ”Livet er en vei” – derfor går jeg. Når jeg bare kan få gått, frykter jeg intet, ikke engang døden, for så lenge jeg går, går jeg fra alt. Når jeg ikkje kan få gått, frykter jeg alt, og især livet, for når jeg ikke får anledning til å gå, går ingenting rette veien.”

I eit anna brev skriv Kierkegaard spøkefullt:

”Går De iblant? Pass endelig på å gjøre det, men ta Dem også i akt for å gå i stå. Det kan jo skje ved ikke å gå, men også ved å gå for langt, både i bokstavelig og overført forstand. Jeg som både i den ene og andre forstand går mye, vet ikke noe forferdeligere enn å gå i stå.”

Peripatetikaren Kierkegaard

For omkring 2300 år sidan drog filosofar som var disiplar av Aristoteles ut på gatene saman med elevane - dei fekk namnet peripatetikarar, etterkvart vart det danna skole som fekk namnet Den peripatetiske skole. Og denne vandringa var meir enn å slentre rundt på måfå, det innebar at ein enten vart følgd av lyttande elevar eller delte tankar med dei ein møtte på vegen.
Kierkegaard nytta vandringane sine både til å iaktta og til å tenkje gjennom ting. Det siste gjorde han særleg på dei lange, einsame turane rundt byen. Vi har hans eigne ord for at ein stor del av det han skreiv vart utarbeidd i hovudet ute i Guds frie nature, like ned til detaljane. Han hadde svært godt minne, og var i stand til å lagre tankane sine, klare til nedskriving når han kom heim.

Til siste blåne

Olaf Schjøll er biolog,jeger og friluftsmann. Før han tok det lange steget Norge på langs, ein tur på tre månader, hadde han drøymt om det heile sitt vaksne liv.

- Drømmen har også basis i det å kunne gå langt. Jeg har hele tiden kalt prosjektet Til siste blåne. Det har alltid vekket en lengsel i meg – å kunne gå til siste blåne, helt til det var slutt. Og det gjorde jeg. Men det vanskeligste var å ta beslutningen, å gå fra kone, små barn og jobb. Det var kona mi som sa at nå må du se å gjøre det før du blir for gammel!

Roleg og klar

Olaf Scjøll har skrive ei vakker bok om turen med tittelen Til siste blåne. Vi kan gå Norge på langs saman med han gjennom tekst og foto. Og han skriv at turen har endra han. Kona seier ho har fått tilbake ein annan mann, langt rolegare. Dessutan er han blitt klarare på kva han vil og ikkje vil.

- Jeg har fått lettere for å ta avgjørelser, jeg skal ikke rasjonalisere meg fram til alt mulig, når det likevel til syvende og sist er følelsene som driver en.

Gled musklane!

”Kroppen er en stor fornuft, et mangfold med en mening, en krig og en fred, en hjord og en hyrde.”

Kroppen, ”den store fornuften”, prøver alltid å avsløre intellektets innbilske fakter, skriv filosofen Friedrich Nietzsche. Han hevdar at ikkje noko skjerpar sansane og tanken betre enn det som samtidig gleder musklane.
I likskap med Kierkegaard skreiv Nietzsche bøkene sine medan han gjekk, og sa: De beste tankene tenkes med føttene.
Han hevda at ein må prøvegå ein tanke for å sjå kva han er verd, og at ordet tankegang er meir enn ein metafor.

”Sitte så lite som mulig. Ikke skjenke tiltro til en tanke som ikke er født under åpen himmel og i fri bevegelse – hvor ikke også musklene feirer en fest. Alle fordommer kommer fra innvollene. Å sitte er, som jeg har sagt tidligere en gang, den egentlige synd mot Den hellige ånd.”

Godt å vera sliten!?

Den som vil ha eit skråblikk på den norske turgåinga vil ha glede av artikkelen til Long Litt Woon i boka Fellesskap til besvær? (Universitetsforlaget 1992) som ho var redaktør for. Long Litt Woon kom frå Malaysia til Stavanger som utvekslingsstudent, og vart her og utdanna seg til sosialantropolog. Etter turen til Prekestolen svara ho ikkje riktig på nokon av desse spørsmåla: - Er det ikkje godt å vera sliten? Er det ikkje godt å få litt frisk luft? Er det ikkje godt å vera ute i naturen?

Om du vil skrive

Poeten William Wordsworth formulerte dikta sine medan han gjekk. Akvarellmålar og fotturist i Europa for snart to hundre år sidan, Catharina Kølle, gjekk av utforskartrong og lidenskap. Diktaren Henry David Thoreau skreiv at når vi går blir det mykje meir luft og solskin i tankane våre.
Det synet delte forfattaren Brenda Ueland. Ho var amerikanskfødd barnebarn av stortingsmannen og bondeføraren Ole Gabriel Ueland, og budde ved Lake Harriet i Minneapolis dei siste 50 åra av sitt lange liv. Ho døydde i 1985.
Ho vart ein kjend figur rundt sjøen, der ho gjekk lange turar kvar dag, kledd i mannsklær og eksentriske skjerf og luer.
Ei av bøkene hennar er seld i minst 150 tusen eksemplar: If you want to write, Om du vil skrive. Brenda Ueland var sjølv lærar på skrive- og forfattarkurs. Boka vart først publisert i 1938, og er stadig i bruk. Der fortel ho kva ho sjølv har erfart når det gjeld skapande krefter og fantasi:

For meg hjelper ein lang tur på 8-10 kilometer. Eg må gå åleine og kvar dag. Dersom eg ikkje går ein dag, har eg neste dag det Van Gogh kallar ”den magre kjensla”. Eg kjenner meg tom og vankelmodig. Lenge trudde eg at det kom av stillesitjande liv innadørs. Men eg har fått lære noko anna.
For når eg bit tennene saman og går, berre for å få mosjon og få det overstått, da skjer det ingenting med fantasien. Neste dag ved skrivebordet er det like magert som om eg ikkje hadde gått i det heile tatt.
Men dersom eg ser på himmelen, på sjøen, på dei fine, unge trea, nakken og kjeven er avslappa, og eg fortel meg sjølv at ingenting hastar, da tek tankane til å koma på sin stillferdige måte.
Mi forklaring på dette er at når eg går utan å stresse for å nå eit mål, da lever eg her og nå. Og det er berre da at den skapande krafta blømer.
Mange er redde for å vera åleine og la tankane koma, for dei første som kjem er ikkje hyggelege: Så meiningslaust livet er, ingenting anna enn snakk, måltid, lesing og uinteressant arbeid. Men det er starten. For dersom du held ut, svingar eine foten framfor den andre i kilometer etter kilometer og lever nå, vil du få løn: tankar, gode idear, opplegg for romanar, lengt, avgjerder, openberringar vil koma til deg.
Og korleis kjem desse skapande tankane? Dei kjem sakte. Det er små openberrings-bomber som brest inne i deg. Eg har aldri gått lange turar åleine utan at nokre av desse små,stillferdige indre bombene roleg har falda seg ut: Akkurat. Eg forstår det nå!
Du oppdagar kanskje at dei små bombene stilt sprengjest også når du gjer andre ting – syr, snekrar, spikkar, spelar golf, piano eller drøymande vaskar opp.

Av Astrid Brekken

På livet laus, NRK P2, 25.februar og 1. mars 2001


 
Søk i NRK Nettradio
Banner Redaksjonen
PÅ LIVET LAUS
Sendetider i P2:
Søndager kl. 8.30
Torsdager kl. 14.30 (R)
KOLOFON
Post: RC41, NRK, 0340 OSLO
På livet løs
Tlf: 23 04 88 64
Faks: 23 04 74 70
10 SISTE PÅ LIVET LAUS
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no