skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
toppbanner_livet3
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > På livet laus Sist oppdatert 15:52
 
Forfattaren Agneta Pleijel:

Våge å flyge og falle

- Eg måtte heilt enkelt gje opp – forlate avisa, forlate ekteskapet – setja meg med opne handflater og spørja: kva kjem nå da? Slik skildrar den kjende svenske forfattaren Agneta Pleijel livet sitt da ho for over tjue år sidan tok til å skrive på heiltid.

Publisert 16.02.2001 16:26. Oppdatert 25.04.2002 10:15.
Ho vart innstilt til Nordisk Råds litteraturpris for det som etter manges syn var beste svenske roman i år 2000: "Lord Nevermore". To menn og ei kvinne lever gjennom verdskrigar og revolusjon, og erfarer kjærleikens og tilværets uro og gåter. Nordisk Råds pris fekk ho ikkje, men ho har fått Aniaraprisen og Sveriges Radios romanpris. Og nå kjem "Lord Nevermore" på norsk.

Berømte menn

Pleijels forteljing utspelar seg på den globale arenaen, og tek oss gjennom store delar av 1900-talet. Det har vore lite kommentert, men Pleijels roman er i høgste grad inspirert av levande menneske: Dei to mannlege hovudpersonane og vennene Bronislaw og Stanislaw er kjende polske menn: Bronislaw Malinowski berømt antropolog, Stanislaw Ignacy Witkiewicz kjend målar og forfattar.

Skilde av ein sjø

Det var historia om korleis den vennskapen tok slutt som hadde sett seg fast hos Agneta Pleijel: i 1914 reiste dei to saman til Australia på ein antropologisk ekspedisjon, men på grunn av at dei ikkje kunne bli samde om kva veg dei skulle ta da dei kom til ein sjø, skilde dei lag og møttest aldri meir. I Australia møtte Malinowski første kona si, Elsie Rosaline Masson – i romanen kalla Ellie Rose – og Pleijel legg henne desse orda i munnen:
- Eg greidde ikkje teikne det kartet der begge kjønn fekk plass, og det var på grunn av kjærleiken. Er ikkje det underleg? Eg skreiv inga bok, eg vart ingen folketalar. Det var kjærleikens skuld, og seinare sjukdomens.

Da heller døden

Agneta Pleijel er tidlegare journalist, og var kulturredaktør i Aftonbladet, men tok til å skrive på heiltid i 40-årsalderen, både dikt, skodespel og romanar – blant romanane er Den som akter på vinden og Hundestjernen, båe omsette til mange språk.

Ho fortel kva som gjekk forut for forfattarlivet:
- Eg kom til eit punkt der eg kjende at slik vil eg ikkje leva – da foretrekkjer eg faktisk døden. Eg forlet journalistikken og gav meg ut på eit skremmande eventyr som eg ikkje visste kvar skulle ende – følgje den meir eller mindre umedvetne stemma i meg som sa: ta i mot draumane, ta i mot bilda. Dersom eg ikkje kunne gjera det, virka livet så meiningslaust at da fekk det heller vera. Det fanst inga erstatning for det.

Vart stum

- I dag ville vi kanskje sagt eg var utbrent: for mykje arbeid, for mykje tvang, i ein slags prestasjonsiver. Som om det skulle finnast nokon som klappar ein på hovudet og seier: kor dyktig du er som gjer alt det der!

- Eg hadde sprunge meg trøytt. I tillegg kom at den mannen eg var gift med og hadde barn med – ja, vi elska ikkje kvarandre. Det var likevel vanskeleg å skiljast, men det fanst ingen annan veg å gå. Så merka eg ein dag at eg var blitt avstengd, eg var ikkje lenger eit instrument for noko, berre noko stumt. Eg måtte heilt enkelt gje opp – forlate avisa, forlate ekteskapet – setja meg med opne handflater og spørja: kva kjem nå da? Og det kom ord som eg ikkje eingong visste kva betydde, men som eg skreiv ned, for det kjendest rett.

Byte av liv

Det var ei sterk kjensle av at noko tala gjennom meg, eg skreiv diktsamlinga på 18-20 dagar under sterkt trykk. Eg hadde vore litteraturkritikar i femten år, og eg visste ikkje kva det var eg skreiv. Men eg gav det ut – og kjende at eg ikkje skulle retta ei staving i det, for desse orda ville vise veg. Og det gjorde dei – dei var del av eit skifte, eit byte av liv.

Å lesa er ei skapande handling

Filosofen og forfattaren Susan Sontag har sagt at å skrive handlar om å tillate seg sjølv å vera uttrykksfull, oppfinnsam, om å våge hoppe, flyge, falle. Og at å lesa er eit kall og eit handverk som ein etter mykje trening stadig blir betre til.
- Gode lesarar vil forstå seg sjølve, seier Agneta Pleijel. Og ho blir litt meir seg sjølv når ho skriv – vi blir til gjennom forteljinga, som vi ikkje kan klare oss utan. Vi kan aldri bli totalt einsame når vi har bøkene, historiene. Det ventar eit korrektiv, ei samtale i bøkene.
Å skrive var for henne ein forvandlingsprosess. Og det er også det ein lesar leitar etter: forvandling. Å utvide sitt eige rom, strekkje si eiga kjensle av fridom, å koma i kontakt med andres kjensler og nå fram til våre eigne. Å lesa er ei skapande handling, og burde høyre til kunstartane!

Av Astrid Brekken
På livet laus, NRK P2, 28. april 2002.


 
Søk i NRK Nettradio
Banner Redaksjonen
PÅ LIVET LAUS
Sendetider i P2:
Søndager kl. 8.30
Torsdager kl. 14.30 (R)
KOLOFON
Post: RC41, NRK, 0340 OSLO
På livet løs
Tlf: 23 04 88 64
Faks: 23 04 74 70
10 SISTE PÅ LIVET LAUS
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no