Leiv Bakke vaks opp på Styggemyr, på eit lite bruk ved svenskegrensa i Østfold. Ein dag han og broren sat ved krystallapparatet, kom det tonar Leiv aldri hadde høyrt maken til. "Er det ein engel som syng?" spurde guten bror sin. Nei - det var Enrico Caruso, den store italienske tenoren, fortalde broren.
Då læraren dagen etter spurde dei sju elevane sine kva dei gjorde i fritida si, t.d. i går, strekte Leiv handa si opp og fortalde at han hadde høyrt på opera av Caruso. Læraren skvatt, la ned boka han hadde i hendene og gjorde resten av timen til ei oppleving for vesle Leiv. I inspirerte ordelag fortalde læraren om våre store operakomponistar. Ei ny verd opna seg for gutungen. Operaen kom til skogsbygda.
Ingen gard, inga kone.
I bygda Leiv vaks opp i, jobba folk for andre i skogen. Men Leiv hadde draum om ei anna framtid: Å bli bonde på sin eigen gard. Det vart det aldri pengar til. Dermed vart det heller inga kone. Så Leiv vart verande i bygda som skogsarbeidar. Lenge var bygda utan utan vei og telefon, så bruk etter bruk vart nedlagt. Då veien endeleg kom, var det berre Leiv igjen.
Operadraumen.
Ein dag kom ein journalist til Leiv Bakke. Arvid Johansen ville intervjua om den avfolka bygda. Det var sommar, engene var fulle av fioler og hesten beita på bøen. Ein katt koste seg i sola og Bakke fortalde om sitt liv i skogen. Men - før han for sin vei, spurde journalisten om han hadde ein draum nå? Svaret han ga, fekk Johansen til å laga ein av sine finaste reportasjar. Leiv Bakkes ynskje var å få sitja på første rad i operaen i Wien. 14 dagar etter kom biletten til Wien.
Av Åshild Ulstrup
På livet laus, NRK P2, 4. februar 2001