Med en liten gutt ombord
Natten kommer svart og stor
Alle ting blir borte.
Seil i mørke, lille jord
med en liten gutt ombord
i sin lille skjorte!
Inger Hagerup hadde to søner, Helge og Klaus. Klaus var yngst og var ofte på tur med mor i desse eventyrlege skogane som inspirerte til rim om veps og maur og mygg.
Mor var så opptatt av det nære, seier sonen. Ho ville ha med seg alt. Slik såg ho livet og! Men hadde ho gått og snakka om alt ho såg, hadde sonen tenkt ho var gal.
Som barn var Klaus lite opptatt av mor si diktning. Sjølv om mor ein gong skreiv ei heil bok med barnerim til sonen sin, boka "Så rart", var det meir spennande med far sine lengre historier og andre forfattarar.På folkeskulen måtte han ein gong lesa eit dikt av mor. Det var verkeleg flaut.
Alle var diktarar, tenkte Klaus då han var liten. Han skulle bli sportsmann og iallfall ikkje skriva. Skulestilane var dårlege bortsett frå ein stil han skreiv på rim. Og då han som tenåring fekk inn eit dikt i Dagbladet som han fekk pengar for, snudde nok tanken seg. Seinare har han forstått at det var mor sitt navn som hjalp han den gongen.
I dag er han stolt av å vera sonen til mor. Han har skreve ei bok om henne. Og om han i barndomen sat oftare på mormor enn på mor sitt fang, har han varmen med seg og ser tilbake på ein barndom som var litt annleis, men trygg og inspirerande.
På livet laus, NRK P2, 27. april og 1. mai 2003.
Av Åshild Ulstrup
Bearbeidet for nett av Anne-Line Gjerde Nilsen