Far din fer så vide....
Far din fer så vide
over land og båre,
mor sit att åleine,
græt så mang ei tåre.
Vesle, vesle barnet
må 'kje vera feig.
Englane er kvite
barnet det er lite,
vesle, vesle barnet
det er alt ho eig.
 |
Arnhild Backe -Wiig, med portrett av faren |
Arnhild Backe-Wiig, nest yngste dotter til diktarpresten Anders Hovden, er idag 90 år gamal. Far som var fødd i 1860, er mest kjent for salmane sine, talane og songar som Fagert er landet og Handi hans far min. Han skreiv 40 bøker og ein voggesong dottera alltid vil hugsa. Men mellom fars reiser og dikting, vart det tid for meir enn varme tankar og mjuke ord?
Sulli, lulli lite bån..
Sulli, lulli lite barn,
mor ska spi'nn så fargert garn
te ein litin kjole.
Lòmba lèt te ulla-
mjuk og kvit og krulla.
"Bæ, bæ!
Lite barn,
du skal få så fagert garn
te ein litin kjole."
 |
Jardbjørg Krokann,
framfor portrettet av faren |
Jardbjørg Krokann Stang er forfattaren Inge Krokanns eldste dotter. Krokann var fødd i Oppdal i 1893 og døydde i 1962. Dottera er blitt 80 år, men har far og mor med seg i dagane sine - som ho alltid har hatt. Voggesongen vekkjer mange minner, men får også fram tårer. Far song så mykje og så vakkert, men var det far som sat ved vogga?
På livet laus, NRK P2, 16. og 20. mars 2003
Av
Åshild Ulstrup
Bearbeidet for nett av
Anne-line Gjerde Nilsen/Inger Braathen