skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
toppbanner_livet3
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > På livet laus Sist oppdatert 15:52
 

Sjokkert over psykologien

Kva krefter er det i oss, og korleis får vi tilgang til desse kreftene? Astrid Bastiansen er sjokkert over psykologien, fordi faget er så lite opptatt av å utforske det vi ikkje så lett kan telle og måle. For ofte er overflatereidskap i bruk.

Publisert 28.02.2003 17:14. Oppdatert 10.03.2003 09:06.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
Astrid Bastiansen,sosialpsykolog og førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo, tek traumer som eksempel: traumer er hendingar og erfaringar som set varige og vonde spor og virkar inn på korleis vi oppfattar menneska og tilværet. Men sjølv om vi er hardt ramma, viser ikkje alt seg like tydeleg på overflata, og når vi ikkje har blikk for det vage, subtile og finstemde, går sjansen til å forstå tapt. Traumer kan skapast av brå katastrofer, død, jordskjelv, krig,og av overgrep, fysisk og psykisk.

Overgrep går i arv

Ho seier at hennar møte med den såkalla vitskaplege psykologen var sjokkarta, og at sjokka har auka i styrke gjennom åra. For ho trudde psykologi var eit fag som særleg tok sikte på å utforske ”sinnets dybder, bevisstheten og det ubevisstes natur”.

Noko som kan gje grunnlag for pessimisme, er at eit menneske som har lidd overlast, vore eit offer, i neste omgang kan bli ein overgripar. Det skjer både på eit personleg plan og i større samanhengar, folkegrupper eller nasjonar. Dette fenomenet er studert både i Israel og på Balkan.
I ei ny bok – “The Ethics of Memory” - skriv den israelske filosofen Avishai Margalit at det er for vår eige skuld vi bør tilgje. Han tek utgangspunkt i Holocaust, og seier at å tilgje betyr ikkje å gløyme urett, men det betyr at ein legg bak seg kjensler som å kjenne seg trakka på, harme, hemnlyst. Å tilgje er ikkje noko ein bestemmer seg for og så er det gjort, det er ein psykologisk prosess som tek tid og innsats. Hemntankar og raseri forgiftar oss, og det er for å hjelpe oss sjølve til eit fullverdig liv at vi bør tilgje, seier Margalit.

Traumer er som svarte hol

”Forskjellige lag av psyken beveger seg med ulike hastigheter. Ved traumepunkter står tiden stille som i et svart hull. Hvis traumepunkter blir dominerende, trekker disse mørke bakevjene i sinnet energiene til seg. Den kraft og vitalitet psyken har til sin levende disposisjon, blir svekket. Alle traumer utgjør hindringer i strømmen; de kan være som store steiner og tømmerstokker som har satt seg fast på kryss og tvers. Hvis elven er bred og har stor vannføring, vil disse hindringene få mindre betydning. Men hvis det er mange hindringer, svarte hull, bakevjer og lite vann, vil elven snart være ødelagt, forurenset og tørket inn.
Sprenging av traumepunkter vil gjøre at vannet flyter uhindret og mer energi blir tilgjengelig. Et stort traume kan skape en slik spenning at tidligere små sprenges og oppløses, gjør at lyset slipper til i de svarte hull og bidrar til at energien strømmer fritt.”

Dette er utdrag frå ”Den tusende dråpen. På sporet av en humanistisk sosialpsykologi”, som Astrid Bastiansen gir ut i mars 2003.

Kvar kom kreftene frå?

Vi kan hente fram ein styrke vi ikkje ana vi hadde – i augneblinken, eller i det tunge, lange løp.
Siri Ness er jungiansk analytikar, og 15. mars 2003 er ho med på å arrangere eit seminar i Oslo der tema er kva krefter menneske kan hente fram.
Utgangspunktet er ein film om marokkanaren Ali Bourequat, laga av Ingela Romare, filmregissør og jungiansk analytikar, Bourequat var fengsla i 18 år, i 11 av dei sat han i totalt mørke. To av brørne hans sat der også, alle tre overlevde umenneskelege påkjenningar. Ali Bourequat nekta å vera offer, og ved hjelp av fantasien, ropane samtale gjennom tjukke vegger til medfangar og gudstru kom han ut med livet og menneskeverdet intakt. Ei historie som hans, sjølv så ekstrem ho er, er viktig fordi ho fortel noko om kva menneske kan hente fram sjølv frå det absolutte nullpunkt, seier Siri Ness. I enkelte tilfelle kan nettopp å falle heilt til botnar vera naudsynt for å skape eit nytt liv. Ali Bourequat har skrive boka ”Atten års ensomhet” om opphaldet sitt i marokkanske fengsel.

Om sansenes portar var opne

Astrid Bastiansen seier at Henry James er sett på som eit av dei store namna i den akademiske psykologiens historie. Han såg på mystikk som ei opplevingsform der mennesket kan koma i kontakt med element i universet som ikkje kan gripast gjennom intellektet. Desse opplevingane er eit vindauga til den usynlege verda, ein måte å sjå inn i røyndomar som til vanleg er løynde. Mystiske erfaringar gjev ei djupare form for optimisme, jagar bort desperasjon og viser at universet i siste instans er godt og at verda er ei og heil. Ei slik oppleving gjev kjensla av å fatte ei djupare meining med universet. Henry James såg med andre ord ikkje bort frå dei helbredande og terapeutiske kreftene i overpersonlege erfaringar.

”På dette kjenner jeg den lærde mann:
Hva ikke han forstår, er uforstand;
Hva ikke han har rørt, er ikke til;
Hva ikke han har målt, er gjøglespill;
Hva ikke han har veid, er ikke til.
Hva ikke han har myntet, er defekt.”
(Faust I)

Av Astrid Brekken

På livet laus, NRK P2, 9. mars 2003 kl 830 og 13.mars kl 1430


 
Søk i NRK Nettradio
Banner Redaksjonen
PÅ LIVET LAUS
Sendetider i P2:
Søndager kl. 8.30
Torsdager kl. 14.30 (R)
KOLOFON
Post: RC41, NRK, 0340 OSLO
På livet løs
Tlf: 23 04 88 64
Faks: 23 04 74 70
10 SISTE PÅ LIVET LAUS
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no