Lausungen
Per Sivle kom til verda på garden Flåm i Aurland i 1857. I kyrkjeboka står han med ein ring kring navnet sitt. Det fortel at foreldra ikkje var gift og at guten var lausunge.
Mora som vart kasta frå barndomsheimen fordi ho var gravid, hoppa i sjøen for å avslutta livet sitt, men vart berga og seinare gift med faren, Erik Sivle frå Vossestranda. Etter tredje tvillingfødsel døydde Susanna i barselseng. Då var Per 2 1/2 år og einaste overlevande barn.
Fars vonbrot
Eirik Sivle var fehandlar og tente gode pengar. Han betalte godt for det einaste barnet sitt hos fosterforeldra. Per skulle sleppa å hjelpa til på gardane slik andre unge måtte.
Faren meinte han skulle bli prest. Men Per hadde draumar på tvers av mektige far sin, og då Anders Hovden ein dag møtte faren, fortalde han med ruvande røyst kor vonbroten han var over sonen sin som hadde kosta han mange pengar, men lite fått til.
Mors-saknet
Per Sivle vart diktar, men fekk ein tung lagnad. Helsa var dårleg, smerta i hovudet tok overtaket, ekteskapet gjekk over styr og diktargasjen vart dradd inn. Men midt i det vonde kunne han sjå mors andlet som ein skimt eller ein ljoske. Når liinga var ekstra stor, var det som om ljosken kom nærare.
Han var ofte på grava til mor si, for både faren og andre fortalde kor snill og god mor han hadde.
Og det er frå mor si grav - songen stig .. den song som allting heilar.
På livet laus, NRK P2, 9. og 13. februar 2003
Av