 |
Ola Bog |
Ola Bog er 46 år gamal og representant for 70-åras grøne bølge. Han ville dyrka sin eigen mat - og dikta. Ola Bog vaks opp i Oslo, men det veks ikkje mat på asfalten, tenkte Ola og flytta på landet. Åse Lund opplevde vonde år, men alderdomen i eit lite kott ga meining.
Ukjende Ola
Som programleiar får ein gjerne respons m.a.i form av brev. Nokon skriv små dikt eller legg ved andre helsingar. Ein slik avsendar var Ola Bog med adresse Krumgata i Oslo.
Etter fleire år med helsingar, sat han ein dag ved mikrofonen og fortalde frå sitt liv. Kven var han - denne ukjende Ola?
Fylgde idealet
For den som vaks opp på 70-talet var draumen om det gode liv gjerne knytta til livet på landet. Målet var å dyrka sin eigen mat. Det kunne ein ikkje på asfalten i byen. Landbruksskulane var difor fulle av idealistiske ungdomar, gjerne frå byen.
Ein av desse var Ola Bog. Faren ville ha sonen på kostskule i Frankrike, men Ola valde å dra til Bø i Telemark der han fullførde landbruksskulen. Det var viktig å leva enkelt og få fylgja sine draumar.
Trong heim, romsleg liv
Åse Lund, også Oslo-jente hadde ein god oppvekst i starten av forrige århundre. Ho utdana seg til sjukepleiar og hadde fine jobbar i utlandet. Men noko hende som skapte store problem for ungjenta. Ho ga frå seg barnet ho fekk utan å vera gift.
Som gamal tenkte ho mykje over livet sitt - kva som kunne vore gjort - og vore ugjort, både av henne og andre. Det var viktig å gjera opp status, å få det ryddig inni seg, men også kring seg. Åse Lund hadde kvitta seg med det meste, berre ikkje senga si. Men livet nå - som gamal, var både vakkert og godt - så lenge ho fekk hjelpa andre og bruka fantasien.
På livet laus, NRK P2, 19. og 23. januar 03
Av
Åshild Ulstrup
Bearbeidet for nett av Anne-Line G. Nilsen