skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
toppbanner_livet3
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > På livet laus Sist oppdatert 15:52
 

Kivlemøyane

I hundreder av år har jentene i Kivledalen eggja fantasien. Dei finns der stadig. Bente Lindvig og Anne Lid er to av dei.

Publisert 03.01.2003 14:55.

Møyane som bergtok

Legenden om dei tre Kivlemøyane som spela så vakkert at kyrkjelyden heller lydde til dei enn til presten, har inspirert til tekst og tonar. I dag står berre tre steinar tilbake.

Men uvanlege kvinner set ennå sitt preg på dalen: Bente Lindvig og Anne Lid.

Fann ro

Bente Lindvig
Bente Lindvig er byjente, utdanna lærar og underviser i dag på kunst- og håndverkslinja ved Seljord folkehøgskule.

Ein rastlaus natur førde henne til avkrokar i ut- og innland. Som 22-åring levde ho eit år i ei hytte i dei sveitsiske fjell. Seinare fann ho ei hytte ved Rjukan.

Som lærar har ho vore nordpå og vestpå - men har nå funne sin heim, eit mange hundre år gamalt tun i Kivledalen. Her, under stupbratte Skorvefjell, fann ho ro. Her vil ho slå rot.

To av tretten

Dalen som etter legenda eingong har hatt kyrkje, har talt fleire sjeler enn i dag. Då Bente flytta hit for 6 år tilbake, var ho den trettande i Kivledalen.

Ennå er det liv i eit par småbruk - og i ei lita stove under Hanakamjuvet held Anne Lid dagane gåande.
Anne Lid
Ho er over 90 år nå, men greier seg bra.

I dag er ho åleine, men ser tilbake på eit tidlegare liv i teneste for andre. Då mor og far døydde og ingen lenger hadde bruk for henne på garden i Morgedal, drog ho til tanta si i Kivledalen som var blitt gamal og trengte hjelp.

Før bloman veks

Anne Lid og Bente Lindvig er ulik av alder og ulik av røynsle.
Då Anne møtte Bente første gongen, helsa ho henne med at du kjem vel tilbake før blomane veks på tuvene?

I dag er dei næraste vener, avhengig av kvarandre. For urolege Bente vart møte med Anne og Annes livshistorie så sterk at ho snakkar om livet før og etter Anne. Dei kan snakka om alt utan eitt tema: Menn og ekteskap.

- Det får vera som det er - og det var vel bra som det vart! seier gamle Anne. Bente seier ingen ting.



På livet laus, NRK P2, 5. og 9. januar 2003



Av Åshild Ulstrup


Bearbeidet for nett av Anne-Line G. Nilsen


 
Søk i NRK Nettradio
Banner Redaksjonen
PÅ LIVET LAUS
Sendetider i P2:
Søndager kl. 8.30
Torsdager kl. 14.30 (R)
KOLOFON
Post: RC41, NRK, 0340 OSLO
På livet løs
Tlf: 23 04 88 64
Faks: 23 04 74 70
10 SISTE PÅ LIVET LAUS
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no