skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
toppbanner_livet3
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > På livet laus Sist oppdatert 15:52
 

Inn i ørkenen

Landskap utfordrar, landskap gjer oss urolege og på vakt, men også rolege og tenksame. Enkelte har erfaringar av eit spesielt slag frå ørkenen: at det indre og ytre landskapet stemmer.

Publisert 20.12.2002 16:41. Oppdatert 30.12.2002 10:44.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
Det var på ei reise til Palmyra i den syriske ørkenen i 1996 at den svenske forfattaren Anna-Karin Palm for første gong møtte ørkenlandskapet, og som inspirerte til novellesamlinga ”Inn i ørkenen”:

”Nå gikk hun ut i ørkenen. På en side reiste fjellene seg, like gule og grusete som marken under føttene hennes, men myke i linjene; når hun snudde hodet falt blikket fritt ut mot horisonten. Det var alt varmt, men heten skulle komme seinere, skulle stå som en skjelvende masse over den nakne marken og over henne. De små hvitgule steinene skulle gi fra seg sine tørre dufter når hun gikk på dem, og hun skulle være ensom.
Det tømte landskapet. Hun hadde kjent det igjen umiddelbart, den første morgenen da hun kom ut fra hotellet, blottlagt i det sterke morgenlyset. Det var så selvfølgelig at hun ble svimmel.
”Hva skal du der å gjøre, der finnes det jo ingenting.”
Tømming: alle bilder løsnet og falt ut i det nakne ørkenlyset.
Hun hadde kjent det igjen straks hun så det og visst: jeg må dit ut, rett ut i den tomheten og være ensom; det var en slik grenseløs lettelse.”
(Frå Anna-Karin Palm: ”In i øknen”)

Anna-Karin Palm har også skrive romanen ”Malerens døtre” som kom i eit opplag på over 85 000 i Sverige, boka er omsett til norsk.

Set tanken fri

Ørkenen er full av fotspor etter figurar frå litteratur og film som har vandra omkring og funne eller fortapt seg sjølve om kvarandre. I vår tid har ørkenen har avløyst dei ville fjell og ibsenske frie vidder som arena for tankeflog.
Ørken kan vi få i varierte utgaver - den kjende reiseskildraren Michael Palin er nå ute med ”Sahara”, ei praktbok, men som ikkje går i spora til profeten Hoseas som seier: ”Jeg skal føre deg ut i ørkenen og tale til ditt hjerte.”

Eit landskap fullt av minne

Daisy Bates er ei legendarisk, merkeleg kvinne som levde frå 1860 til 1950, ho fekk statsstipend for å studere språket og skikkane til det australske urfolket. Ho budde i ørkenen saman med dei i fleire år, og ville alltid tilbake dit. Forfattaren Julia Blackburn har skrive boka ”Daisy Bates i ørkenen”, om denne personen som ingen visste når snakka sant eller dikta om livet sitt. Her legg ho Daisy Bates ord i munnen når ho skal krysse Nullarbor-ørkenen i Australia:

”Landskapet vi skulle gjennom skal visstnok være den eldste eksisterende landoverflaten i verden, og slik kjentes det også; alt var gjennomsyret av minner, hver stein og busk var så mettet at det ikke lot til å være rom for nåtiden, bare en tettpakket fortid som kjempet om oppmerksomhet. …. De bleke fargene fløt i hverandre. Landet minner om havbunnen, det er så flatt og stille at man får en følelse av å sveve over det og titte ned, selv når man går til fots.”
(Julia Blackburn: ”Daisy Bates i ørkenen”)

Elskar ørkenen

Vicky Axelsson Johnson blir kalla stiftelses-Sveriges mektigaste kvinne, ho har arva store verdiar og sit blant anna i leiinga for investeringsføretaket Nordstjernan, og er styreleiar for Axelson -Johnsons Stiftelse, som både lagar fjernsynsprogram og gjev ut tidsskriftet ”Axess”, det er nytt av året og har fått ”fantastisk mottaking” seier Vicky Axelsson Johnson. Både i TV-programma og tidsskriftet skal det vera rom for dei lange tankane, folk skal kunne snakke og skrive til punktum.

Borte frå alt

Vicky Axelsson Johnson seier at draumen om ørkenen må ha starta da ho var ni månader – da fekk ho sterk astma, og under oppveksten måtte ho i lange strekk halde senga – da slukte ho bøker, ikkje minst reiseskildringar.
Som tjueåring reiste ho til Australia, for å puste friare både i fysisk og mental forstand, og det viste seg at kamel reagerte ho ikkje allegisk på. Ho brukte eit år på å temja og bli kjend med to kamelar som ho fanga ved eit vatnhol, det er omkring ti tusen ville kamelar i Australia. Ho sydde også utstyr – sal, matposar og vassposar, og la så ut på månadslange vandringar i ørkenen. Der rekk ein å tenkje ferdig ein tanke, seier Vicky Axelsson Johnson. Til sist er det befriande tomt – eit kreativt tomrom.

330 mil gjennom Australia

Nokre år før Vicky Axelsson Johnson kom til Alice Springs midt i Australia hadde ei anna ung kvinne gjort noko av det same – Robyn Davidson reiste åleine med fire kamelar og ein hund gjennom Australia frå Alice Springs til vest-kysten, ein tur på 330 mil. Ho hadde lange og kronglete månader med førebuing, som ho skildrar med stor humor, i likskap med Vicky Axelsson Johnson hadde ho aldri hatt erfaring med dyr før, og ho måtte slite og arbeide hos ein kameleigar før ho fekk låne dyr av han, Vicky Axelsson Johnson fanga sine eigne kamelar. – Men endeleg er Robyn Davidson på veg, og det varer ikkje lenge før ho er utanfor tida:

” Da jeg dro videre neste morgen, tok jeg frem klokken min, trakk den opp, satte alarmen på klokken fire, og lot den henge og tikke på stubben til et tre. En passende og egnet avslutning for det skuppelløse lille instrumentet, syntes jeg, og så slapp jeg å tenke mer på det. Jeg feiret ved å utføre klossete små trinn som en steppdanser med bly i skoene. Jeg så sikkert ut som et senilt, gammelt vrak, med de altfor store sandalene, de møkkete, posete buksene, den opprevne skjorten, de trælete hendene og føttene og det grimete ansiktet. Jeg likte meg selv på denne måten – det var en lettelse å være fri for forkledninger og skjønnhet og sjarm.”
( Robyn Davidson: ”Egne veier”)

Kamelar som deserterer

- Det er lite som att stiga ur tiden, seier også Vicky Axelsson Johnson, og for sin del meiner ho at i ørkenen blir tankar fødde som elles ikkje får koma til overflata, tankar som er viktige for henne sjølv.
Ho har også hatt dramatiske opplevingar på ørkenturane sine – tredje morgonen på ferd gjennom Gobi-ørkenen kasta kamelane av seg ryttarane og forsvant i horisonten – att stod Axelsson Johnson med ein boks sardinar, kamelane såg dei aldri att. Dei var blitt skremde av ein pakksal som datt av.
Ein annan gong i Kenya leita ho etter vatn i eit tomt elveleie da det brått kom veltande ein tre meter høg vegg av vatn – ho rakk så vidt koma seg opp. Og ho sluttar seg til noko lege og forfattar Axel Munthe har sagt:
”Menneskene i våre dager bruker for meget tid til å høre på hva andre mennesker sier og tenker. Det ville være klokere om de ga seg mer tid til å høre på sine egne tanker. Kunnskap kan vi lære av andre, visdom må vi lære oss selv. Kilden til visdom springer på vår egen mark, blant de stille dyp av våre egne ensomme tanker og drømmer.”

Av Astrid Brekken


På livet laus, NRK P2, 29. desember 2002 og 2. januar 2003


 
Søk i NRK Nettradio
Banner Redaksjonen
PÅ LIVET LAUS
Sendetider i P2:
Søndager kl. 8.30
Torsdager kl. 14.30 (R)
KOLOFON
Post: RC41, NRK, 0340 OSLO
På livet løs
Tlf: 23 04 88 64
Faks: 23 04 74 70
10 SISTE PÅ LIVET LAUS
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no