Vetle Lid Larssen har alltid hatt eit sterkt forhold til jula. Idag, i ein alder av 42 - er jula ein viktig påminnelse om at det det finns noko anna enn det ein kan kjøpa på Rimi eller setja i banken
Potens og liv
Vetle Lid Larssen, journalist og forfattar, nå aktuell med boka "Såpe" i samarbeid med Frelsesarméen, var alt som 3-4-åring ein ivrig skribent.
Idag er han 42 år og meiner at han nærmar seg tida han kan få utretta dei par bøkene som skal bli hans livsverk. For det beste, meiner han, vert skreve idet ereksjonskurven kryssar erfaringskurven. Det trengs potens og det trengs eit liv for å ha noko å fortelja. Vetle er snart gamal nok nå.
Jorda er deilig, men
Vetle Lid Larssen er ei uroleg sjel, boblande av tankesprang. Han er stadig på farten i utland og innland.Han har leilighet i hovedstaden og hus på ei øy ved Tvedestrand. Og han er opptatt av livet på jorda, på menneskja som ikkje lenger er i sentrum.
Systema har overtatt styringa: Økonomane, teknologane og teoretikarane. Det er dei maskuline verdiane som tel og som har fått mange kvinner til å bli meir maskuline enn menn, meiner forfattaren. For å koma vidare, treng vi ein revolusjon, ein visjon. Men så spør han seg sjølv: Kan menneskjet uthalda eit paradis lenger enn 5 minuttar?
Fleire julegåver!
I ei tid der tradisjonar og kontaktlinjer fell, der uviktige nyheter fyller tomrommet og allting skifter,er julehøgtida stadig eit fast holdepunkt. Sjølv markedsøkonomar og kommunistar blir verdikonservative på julaftan, meiner forfattaren som stadig har sterke kjensler for julas bodskap - og for julepakkane.
-Vi må gje endå fleire julegåver, både til den fattige verda og til kvarandre! seier han.
Sjølv skal han gå rundt juletreet ilag med mor og bror på øya si ved Tvedestrand. For i jula må ein vera nær naturen, titta på stjernehimmelen over og ha ein tanke på juletorsken der nede.
Av Åshild Ulstrup,
På livet laus den NRK, P2, 22. og 26. desember 2002