Finns det noko hjelp for overmette norske born som tar livet for gitt? spurde bestemor Signy seg sjølv. Ho fann svaret hos svoltne born i Senegal.
Atter ein gong skal "deilig er jorden" runga i norske heimar der velfødde born skal fråtsa i godter og gåver. På ein barneheim i Senegal strålar augo over ein liten brødbit. Tenk om borna kunne hjelpa kvarandre! tenkte Signy Alvsaker Olsen.
Bornas gitte liv
 |
Signy Alvsaker Olsen |
Signy Alvsaker Olsen var nyleg blitt enkje, men hadde barnebarn som stadig var innom for å hyggja seg og få ein godbit. Som norske born flest tok dei velstanden for gitt. Dette var langt frå den barndomen Signy opplevde.
Ho vaks opp under krigen og hugsa mor sine tårer då ho ba om endå ei brødskive.
Du må nok vente til morgondagen! var beskjeden ho måtte leggja seg med.
Som dei fleste born den gongen tok ho sjølvsagt del i det daglege arbeidet og hadde ansvar.
I dag er norske born fri for slitet og svolten, men takkar dei for det dei får?
Signy Alvsaker Olsen såg at dei fleste born i dag tar godene sine for gitt.
Ho fekk ein idé.
Møtet som fengde
Det starta med ein plakat på ein lysstolpe som fortalde at misjonær Leif Heggernes var heimom for å fortelja frå barneheimen sin i Senegal i Afrika. Han etterlyste støtte frå besteforeldre, tanter og onklar.
Etter å ha høyrt om arbeidet hans, vart Signy så engasjert at ho dagen etter drog til byen for å tinga billett og ordna med vaksine. Ho måtte til Senegal for å sjå.
Dermed kom eit hjelpearbeid i gang som ikkje berre gagna svoltne born på ein heim i Afrika, men var til like stor hjelp for overmette gutar og jenter i ei lita bygd i Norge.
Men mest av alt, kanskje, ga det ein ny giv og eit nytt liv til ei bestemor som også hadde trong for ei utfordring.
På livet laus, NRK P2, 8. og 12. desember 02
Av
Åshild Ulstrup
Bearbeidet for nett av Anne-Line G. Nilsen