Tankens alvor
Torunn Reite var 11 år gamal då ho sat på trikken og fekk høyra at ho såg så sur ut. Men Torunn nytta tida på trikken til å tenkja over livet sitt. Då sit ein ikkje og smiler!
Det var så mangt å tenkja på for ei lita jente, m.a. kva skulle ho bli? Med si interesse for dyr gjekk tanken på dyrlege, men menneskja var ho også så glad i. Då burde ho bli misjonær. Ein ting var ho sikker på: Ho ville bli kjent og ho ville hjelpa!
Men kva er det med barndommen som alle sa var så vidunderlig? kunne ho spørja seg sjølv.
Livets alvor
 |
Torunn Reite |
Torunn Reite er blitt 37 år gamal, er avdelings-direktør i finansdepartementet, er halvdags-mor for sine eigne to born, heildagsmor for sin nye ektemanns tre born og matmor til to kattar.
Tida ho eingong hadde så rikeleg av, er i dag det store problemet. For eit enkelt landsens liv vart ikkje kvardagen. Men draumen får leva, for Torunn vil vidare. Trassen som gjorde at ho enda som siviløkonom, er stadig pådrivaren - ved sida av eit utrøytteleg engasjement og ein ukueleg optimisme.
Men - kva drøymer ho om i dag?
På livet laus, NRK P2, 24. og 28. november 2002.
Av
Åshild Ulstrup
Bearbeidet for nett av Anne-Line Gjerde Nilse