12 år gamal drøymde han om å bli forfattar. Som 22-åring var han adm. direktør i sitt eige finansselskap. Korleis er livet i dag for 31-åringen Henrik Ellefsen?
Som 12-åring drøymde Henrik Ellefsen om å dikta og skriva. Då han var 22 var han adm. direktør i sitt eige finansselskap. Idag er han 31 år, fått røynt kva forretningsverda har å by på og har mista trua på menneskja.
Liten gut, stor draum
 |
Henrik 12 år |
Henrik Ellefsen vaks opp i eit miljø prega av finans, men den veien ville ikkje vesle Henrik gå. Heller ein dag med dikt og skriving enn eit liv med tørre tal!
Henrik var 12 år gamal og hadde tenkt mykje på framtida si. Gifta seg skulle han ikkje. Konemishandlingane han las om i avisene, hadde skræmt gutungen. Han hadde sin vesle dachs og ville nok alltid ha den som sin næraste ven.
Det var eit press å vera gut som berre skulle hersa og aldri gråta. Henrik ynskte seg eit liv der gutar kunne få vera seg sjølv som jentene.
Som far, så son
Henrik Ellefsen sin draum om å gå andre veier, slokna langsamt. 22-år gamal titulerte han seg som adm. direktør for 55 tilsette. Han hadde fått sin første bil i 18-års-gåve frå far, hadde flytta til eigen leilighet og fått sambuar. Og dachsen var med. Livet gjekk oppover og kjendes som ein leik, sjølv om nettene kunne vera søvnlause iblant. Det var dette han ville!
Mista trua
 |
Henrik 31 år |
I dag er Henrik blitt ein vaksen mann på 31 år og har ei fortid bak seg som har sett merkje. Han har vore uthengt i alle landets finans- og riksaviser.
Som aksjemeglar var han med då markedet eksploderte, men fekk også kjenna svien då kontoret hans måtte stengja og tilsette seiast opp. To kundar saksøkte selskapet hans. Millionar gjekk tapt, konsesjonen vart oppheva og drifta stoppa.
Henrik vann begge sakene, men mista trua på menneskja.
På livet laus, NRK P2, 10., 14. og 16. november 2002.
Av
Åshild Ulstrup
Bearbeidet for nett av Anne-Line Gjerde Nilsen