skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
toppbanner_livet3
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > På livet laus Sist oppdatert 15:52
 
Renessansekvinners liv:

Vakkert og brutalt

Fram frå det historiske tusmørket, frå salar der store bilet-teppe vekslar med portrett, stig ei kvinne i 1493 inn på den italienske renessansens arena – ho er knapt kvinne: Tretten år gamle Lucrezia Borgia står brur.

Publisert 18.10.2002 17:29. Oppdatert 21.10.2002 09:02.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
Ho var dotter av spanske Rodrigo Borgia, som vart pave Alexander den sjette. Ho fekk eit dårleg rykte, vart lagt ut som giftmordar, men mest var ho ei brikke i farens og brorens spel. Dei tok seg også av morda.
Litteraturvitar og statsstipendiat Elisabeth Aasen fortel at før jenta fylte tretten år, hadde pappa Rodrigo alt hadde nådd å forlove Lucrezia to gonger med med menn frå gode, spanske familiar. Men så vart han pave, og stila høgare. Trettenåringen vart gifta inn i den italienske fyrstefamilien Sforza, ektemannen var greve i den vesle byen Pesaro.

Farleg familie

Men det varde ikkje så lenge, paven vart usikker på svigersonens lojalitet og fekk han erklært impotent – sjølv om første kona hans døydde i barselseng.
Deretter vart Lucrezia gifta bort til ein mann i den spanske kongefamilien Aragon, som heldt til i Napoli. Så tok hennar onde bror Cesare Borgia livet av denne mannen, som Lucrezia var glad i, trass i at det var eit arrangert ekteskap. Dei fekk også ein son, Rodrigo. Da flytta Lucrezia i kloster, ulykkeleg.

Ein for kjærleg far og bror?

Men forviklingane er langtfrå slutt, Borgia-familiens historie går moderne såpeoperaer ein høg gang – det finst jo for øvrig også ein Donizetti-opera om Lucrezia Borgia. Medan ho var i klosteret fekk ho eit barn til under mystiske omstende, det vart tala om incest både i høve til far pave Alexander og bror Cesare. Da den geistlege far skulle gifte bort den nå 22 år gamle Lucrezia for tredje og siste gong til fyrstehuset i Ferrara – bryllupet vara i åtte dagar og det vart framført fem klassiske komedier – sende pave Alexander ut to merkelege buller: at Cesare hadde fått barn med ei ukjend romerinne – og så ein ny om at paven sjølv hadde fått barn med ei ukjend romerinne. Samtida meinte dette var Lucrezias son, som vart kalla den romerske infant. Paven var barnekjær, og drog til bryllup i Ferrara med sine to små – om det nå var barn og barnebarn.


Prima donna

Dei italienske fyrstedøma førde krig med omverda, men innbyrdes redda arrangerte ekteskap i alle fall delvis freden. I si nye bok, ”Renessansens kvinner”, rullar Elisabeth Aasen ut eit stort teppe med mange namn og mange lagnader. Isabella d’Este frå Ferrara, som etter kvart vart mektig fyrstinne av Mantova, fekk tilnamnet prima donna del mondo. Ho gjorde sitt inntog i Mantova som sjølvsikker sekstenåring, og vart kjend for det rike kulturlivet, ikkje minst musikklivet, som utfalda seg ved hoffet i Mantova. Det finst eit bilde av henne signert Leonardo da Vinci.

Kremmardottera vart dronning

Dører opna seg for storkapitalen også i renessansen: dei søkkrike Medici-kremmarane i Firenze kunne sende fjortenårige Katarina av Medici til Frankrike for å gifte seg med ein like ung prins, og ho vart franskmennenes dronning. Det var i utgangspunktet ikkje ein tronarving ho gifta seg med, men astrologen fekk rett: Han spådde at ho skulle bli dronning og få ti barn. Det siste trudde ho lenge ikkje på, for det gjekk ti år før ho fekk det første.

Nei til griske pavar, ja til festdagar

Kapitalismen har røter i renessansen – det har også humanismen og individualismen, og kyrkja hadde ikkje same makt som før. Fyrstedøma var stadig i kamp med paven, som ville ha kloa i fyrstedøma, så dei såg kyrkjestaten som eit faremoment. Men religionen stilte dei ikkje spørsmål ved, og dessutan trong dei alle festdagane, seier Elisabeth Aasen.

Portrettliv etter døden

Om middelalderkunst er prega av helgenar, er renessansekunst prega av portrett – fyrstehusa betalte for at adelege av båe kjønn, strålande oppstasa, fekk eit galleriliv etter døden.
Ein kunstnar som er i ferd med å stige fram igjen for eit større publikum er Sofonisba Anguissola, at ho var ein stor kunstnar var det ikkje tvil om i hennar samtid. Det har blant anna vore ei utstilling av bilda hennar i Wien på 1990-talet. Ho vart engasjert som kunstlærar for den spanske dronninga.

Det skjer i Mantova

Elisabeth Aasen fortel om sitt store hell da ho nyleg var i Italia: i Mantova er det nå ei utstilling av renessansekunst, av det slaget som berre skjer ein gong kvart hundreår. Frå ulike land er det henta inn bilde som medlemar av fyrstehuset fekk utført, blant dei Isabella d’Este, som den kunstmesén ho var. Om du skal til Mantova varer utstillinga fram mot jul.

Vakker amasone

Og vil du koma nær ei renessansekvinne, finn Kristen Gundelachs gjendikting av sonetter av franske Louise Labé – om henne skriv Elisabeth Aasen:

"Louise Labé sprengte grenser, ikke bare sosiale, men også kvinnerollens grenser. Et av hennes tilnavn var "den vakre amasone", og det gikk på hennes egenskaper som rytter, men også på at hun kunne fekte, og at hun til og med deltok i en turnering, i mannsklær og med våpen. Å skrive om kvinners lidenskap og kjærlighet var også et brudd med konvensjonene".


Calvin kalla henne hore, det heva ho seg over. Her er eit eksempel på Labés skrivekunst:

Å, om til brystet sitt han tok meg tett,
han som jeg flammer meg til døde for,
om jeg fikk være, med en hustrus rett,
hos ham min rest av livets korte år,

om jeg, fullstendig i hans favntak kledt,
hørte ham hviske: ingen skjebne hård
kan skille oss, vår kjærlighet er vår
og angår ingen, våre liv er ett,

og om jeg snodde meg så myk og vek
omkring hans kropp, som eføy rundt en ek,
da kunne livets tråd bli kuttet av,

for fikk jeg ånde ut, imot hans munn,
i siste hete kyss jeg fikk og gav
ble døden livets lykkeligste stund.

Det korte livet

Renessansens elitekvinner er fargerike, frodige, dei lever intenst, det er musikk, dans, dikt og litteratur. Men døden lurer – ”livets korte år” som Louise Labé skriv - altfor mange døyr unge, i barselseng, av malaria, av tuberkulose, av pest, dei får syfilis. Gull var visstnok i bruk mot syfilis, kvikksølv kom seinare, da syfilisens kode var: to minutt med venus, tjue år med merkur.

Så sjukdom og krig deler dei rike med alle andre – men vi må avgrense oss til dei høgare lag når vi talar om dei som fekk føling med renessansen.

Av Astrid Brekken


På livet laus, NRK P2, søndag 20. oktober og torsdag 24. oktober 2002


 
Søk i NRK Nettradio
Banner Redaksjonen
PÅ LIVET LAUS
Sendetider i P2:
Søndager kl. 8.30
Torsdager kl. 14.30 (R)
KOLOFON
Post: RC41, NRK, 0340 OSLO
På livet løs
Tlf: 23 04 88 64
Faks: 23 04 74 70
10 SISTE PÅ LIVET LAUS
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no