Magnus Brostrup Landstad var 50 år gamal då han vart beden om å laga salmebok. Det skulle bli ei lang natts ferd for presten og folkeminnesamlaren med Telemarks bakgrunn og dialekt.
Prest som far
Den 7. oktober er det 200 år sidan Magnus Brostrup Landstad kom til verda på den nordlegaste prestegarden i landet vårt, Måsøy i Finnmark. Her var faren prest, ein fargerik kraftkar frå Trøndelag med lett i lynne og sterk helse. I Telemark der både han og sonen Maguns seinare vart prestar, går det fleire historier om faren enn om sonen.For Magnus fekk tidleg ein skade på lungene sine som gjorde at han resten av livet sleit med ein irriterande småhoste - og med røysta si.
Den tunge vegen
Etter harde år i Finnmark, vart faren i 1811 tilsett som prest i Vinje i Telemark. Livet skulle letna for familien, men det var krig og uår og langs kysten lurde engelske kaprarar. Så familien som nå var blitt mange, våga seg ikkje lenger enn til Kristiansund med båt. Her fekk dei seg hest og kjerre. Så starta turen over fjell og skar og dalar til Telemark. I kjerra sat dei minste borna og mor som var gravid. Bak kjerra gjekk dei store og Magnus på 9 år.
Salmesong og folkeviser
Magnus Brostrup Landstad vart tidleg interessert i folketradisjon- og minne. På sine prestevandringar såg han korleis det gamle var i ferd med å bli borte i fjellbygdene. Det vart viktig for han å samla viser og segner før det var for seint. I 1853 kom "Norske folkeviser".
Folkediktinga er ei levande kraft i folket, meinte han. Det nasjonale må gå hand i hand med det religiøse. I 1870 kom endeleg salmeboka ut. Samstundes vart han tildelt St. Olavs orden for arbeidet sitt.
Landstad-instituttet
I Seljord der Landstad levde viktige år av sitt liv, blir det ekstra markeringen av 200-års-jubileet denne veka.
Her ligg Landstad-instituttet med Sigurd Telnes som primus motor. Den tidlegare læraren er ein av dei som har studert og blitt engasjert i Magnus Brostrup Landstads liv og lagnad.
Av
Åshild Ulstrup
På livet laus, NRK P2, 6. og 10. oktober 2002