skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
toppbanner_livet3
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > På livet laus Sist oppdatert 15:52
 

Tatersonen

Då Kristian Bredesen var 3 månader gamal, tvang politiet guten ut or hendene på foreldra. Idag er han 79 og takkar for lagnaden. Mor hans var bondejente som slo seg ilag med taterguten og fekk to søner. Men ein dag kom politiet. Gutane skulle på barneheim!

Publisert 20.09.2002 09:32. Oppdatert 20.09.2002 09:58.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video

Reipet klart

Kristian Bredesen var berre 3 månader gamal då politiet reiv han ut av hendene på foreldrene i taterbåten. Mora og faren vart åleine igjen mens Kristian og Arnt kom på barne- og sidan i fosterheim. Misjonen tok over oppdragar-gjerninga med hard hand. Tateren skulle bankast or gutane. Så mens misjons-kvinnene samlast med strikketøyet kring kaffen og las frå taterbladet, sat to smågutar og visste med seg at dei høyrde til det utstøytte folket. Arnt var stor og sterk og greidde seg, mens Kristian som hadde grublarnatur, fekk psykiske problem. Ein dag i vaksen alder gjorde han klar reipet.

Takkar livet

Idag er Kristian Bredesen 79 år gamal og takkar for livet slik det vart. Den tidlegare rektoren og skulesjefen er glad for lagnaden som snudde den dagen på taterbåten. Sjølv om vanskane fylgde langt inn i vaksenlivet og han ikkje vågde å ta ordet tater i sin munn, auka sjølvkjensla ettersom kunnskapen auka. Broren Arnt vart student ved universitetet. Sjølv gjennomgjekk han lærarskulen og gifte seg med finaste jenta. Men han vart 72 år før han våga å fortelja at han var tater.

Skriv! sa kona

Det var kona som ein dag fekk sin aldrande ektemann til skrivemaskinen. "Skriv bok om livet ditt!" sa ho. Dermed vart boka "Taterson" til. Denne veka kjem neste bok: "Taterblod". Her er Bredesen oppteken av den siste tids glorifisering av taterlivet og av kyrkjemøtet si bøn om tilgjeving. Misjonen gjorde mykje gale, veit han, men det var staten som sette lovene i verk som tok borna frå foreldre, steriliserte mødre og ville ha slutt på den vandrande tateren.
Sjølv er han lukkeleg over å ha fått sjansen til å leva det vanlege livet. Foreldra sitt liv vart ruin. Det fekk han vita då han og broren ein dag vart etterlyste av mora som nå var 87 år gamal og budde på sjukeheim.

Av Åshild Ulstrup

På livet laus søndag 22. og torsdag 26. september 2002


 
Søk i NRK Nettradio
Banner Redaksjonen
PÅ LIVET LAUS
Sendetider i P2:
Søndager kl. 8.30
Torsdager kl. 14.30 (R)
KOLOFON
Post: RC41, NRK, 0340 OSLO
På livet løs
Tlf: 23 04 88 64
Faks: 23 04 74 70
10 SISTE PÅ LIVET LAUS
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no