Ho vart sagt opp på jobben. I konservative Bærum kjende ho seg utilpass. Aino von During søkte einsemda og fann plassen sin i svartaste skogen.
Sin eigen beste ven
På eit lite bruk i skogen innanfor Årnes har Aino von During levd for seg sjølv i 21 år. Menneskene i byen skræmde. Naturen skræmer ingen, seier den tidlegare arkitekten som gjorde seg upopulær ved å hevda at innhaldet i eit hus må telja meir enn designen.
I Takholtlia får designen vera som den er - i pakt med jenta sjølv og dei få dyra ho har igjen nå: Geita, hunden , høna og katten. Sjølv er ho blitt sin beste ven.
Den enkle liv
Aino von During hadde sin barndom i skogen utanfor Lillehammer. Frå barndomen har ho sine finaste minner i det stille landskapet. På Takholtlia fann ho barndomens skattar tilbake. Her kviler ei ro som gjev rom for tanke og fantasi - fuglesong og dyretråkk. Maten finns i sjølvplanta grønsaker og villurter.
Inspirasjonen utanfrå får ho gjennom ein sjåfør som av og til hentar henne til bygda - og radioens P2.
Denne stae kvinna
Å koma frå hovedstaden til ei lita skogsbygd var ikkje enkelt. Ein måtte verkeleg stå på sitt og halda ut. Det gjorde at då Aino von During skulle feira 70-årsdagen sin, fekk ho ei helsing frå bygdevener der eigenskapane hennar vart jamført med dyras: Stolt som ein hane, snill som eit lam, sterk som ein hest, sta som ein bukk! Den siste eigenskapen har vore den viktigaste, seier ho. Og det er også den som idag har gjort at ho er ein av dei andre i skogen.
Sjølv om Aino sikkert alltid vil ha nok med sitt eige. Den 8. sept. fyller ho 80 år.
Av Åshild Ulstrup,
På livet laus den 8. og 12. sept. 2002
Bearbeidet for nett av Inger Braathen