skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
toppbanner_livet3
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > På livet laus Sist oppdatert 15:52
 
Indre reiser:

Vårt mystiske medvet

Astrid Bastiansen
Astrid Bastiansen
Mennesket famlar etter meining og løysingar på problem vi ofte sjølve har skapt. Og da søkjer vi både innover i oss sjølve, og utforskar det ytre, grenselause kosmos.

Publisert 29.08.2002 15:57. Oppdatert 02.09.2002 13:51.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
Det kan bli vidløftige reiser. Men ein treng neppe gje all fornuft på båten om ein tillet seg ein seglas på hav utan godkjende kart.

Frontliner

I august 2002 arrangerte stiftelsen Flux seminaret Bevissthet og evolusjon på vakre Granavollen på Hadeland.
Granavollen,Hadeland
Flux, som også gjev ut eit tidsskrift, ser etter frontliner, gjerne kontroversielle, innan vitskap og forståing av mennesket. Psykolog Astrid Bastiansen hadde eit innlegg om medvet på seminaret. Ho er trygt forankra som førsteamanuensis ved universitetet i Oslo, og ser tema både frå ein vitskapleg og personleg vinkel, ho har erfaringar med ”utvidet bevissthet”.

Rikare,ikkje enklare

Vi har vårt dagsklare medvet, vi har søvn,draum,hypnose. Og vi kan oppleva endra og uvanlege medvetstilstander – intuisjon, varsel, telepatiske erfaringar. Gjennom øvingar og terapi kan ein også oppleva endra medvetstilstander. Astrid Bastiansen har fått det gjennom meditasjon, chigong, pusteøvingar og transpersonleg terapi.

- Det har ein verknad. Slike erfaringar gjev eit anna perspektiv på livet. Det blir ikkje enklare, men rikare. Vi har alle eit behov for å oppleva livet som meiningsfylt.

Dei fleste av oss ville plassere medvetet i hjernen – men det finst andre syn på det. Astrid Bastiansen seier det pågår ein heftig diskusjon i det internasjonale fagmiljøet om det såkalla ”hard question” – korleis vi skal forklare spranget mellom hjerneaktivitet og opplevinga av at eg er - den subjektive kjensla. Og ingen har svar på korleis medvet kom inn i den materielle verda.

Telepati finst?

Ervin Laszlo er vitskapsfilosof, ungarar, bur i Italia, kjend for mange bøker, blant anna om evolusjonsteori, og er medlem av Romaklubben og leiar for Budapestklubben, som arbeider for ein ny etikk og ei meir opplyst og leveleg verd. Den siste boka hans er om nettopp det og har tittelen ”Macroshift: Navigating the Transformation to a Sustainable World”. Han har blant anna undervist ved ei rekkje universitet i USA og Europa. Han seier at vitskapen kan ikkje tillate seg å avvise noko fenomen før det er utforska. Han hevdar sjølv å ha erfaringar med telepati. Sjølv om det er interesse for dette fenomenet langt inn i forsvarsdepartementa, er det også mange som avviser at denne forma for kommunikasjon finst.

Kjend pianist

Lazlo er også pianist med fleire innspelingar bak seg, NRK har ein LP der han spelar Jean Sibelius. Femten år gamal spela han i New York. Magasinet LIFE skreiv at kritikarane var over seg - “they nearly jumped out of their seats.”

Kosmisk medvet og minne

Laszlo hevdar at søking etter meining er eit grunnleggjande trekk i menneskesinnet. Same kva vi opplever, omset vi det til meiningsfylte erfaringar.
Han har kasta fram tanken om at det finst eit kosmisk medvet - eit psykisk felt, som han samanliknar med gravitasjonsfelt og elektromagnetiske felt, og at her kan enkeltmenneskets erfaringar samle seg på eit universelt plan.
Her svevar vi i tynn luft, og kan kanskje like godt kalle dette science fiction – men dei som syslar med det har jo vore på sporet meir enn ein gong. Men kva kan han vise til som prov eller teikn på at det finst eit kosmisk medvet?

Eit kosmisk, psykisk felt?

Han svarar at moderne fysikk gjev oss energi- og materie-sida ved ting, medan våre erfaringar som menneske fortel oss at det er meir der ute enn materie og energi i samrøre. Når det gjeld mennesket, er materie knytta til medvet. Om vi går vidare nedover er det ikkje noko punkt der vi kan trekkje streken og seia at under denne finst ikkje medvet, er Laszlos oppfatning, og han meiner vi kan samstemme med store filosofar som har hevda at heile kosmos har medvet, og at det er i stadig utvikling etter kvart som biologiske organismar oppstår og utviklar seg.

Laszlo kastar også fram ideen om eit kosmisk minne, og grunngjev det med at mennesket har eit uendeleg erfaringsmateriale, noko som blant anna viser seg i visse former for psykoterapi, og fordi vi har ei avgrensa hjerne må det finnast lagringsplassar for minne andre stader – kall det ei kollektiv hjerne – eit kosmisk minne. Han viser til matematikarar og fysikarar som har rekna på dette og kome fram til liknande konklusjonar. Og psykoanalytikaren Carl Jung var inne på slike tankar med sitt forslag om det kollektivt umedvetne.

Immunsystemet på vår side

Så fortel Laszlo om Jonas Salk, som utvikla poliovaksinen, og som meiner at immunsystemet vårt prøver å pense oss inn på klokare vegar:
Vi har skapt ei verd som er sterkt urettferdig, våre verdiar, vår moral strekk ikkje til for å få ei endring. Salk var inne på tanken om at kanskje reagerer immunsystemet på vår medvetne eller umedvetne uro over dette, og styrer oss mot ei ny måte å tenkje og handle på.

Darwin og konkurransen

Sally Goerner frå USA har doktorgradar innan både psykologi og realfag, og har skrive bøker om utvikling, samfunn og økologi, blant dei ”Chaos and the Evolving Ecological Universe” og ”After the Clockwork Universe: The Emerging Science and Culture of Integral Society.”

Eit heidersord for Sally Goerner er samarbeid, som ho meiner er langt viktigare for evolusjonen enn konkurranse. Ho viser til kjende biologar som har inspirert henne: når livsformer slår seg saman kjem dei lenger enn om dei var åleine. I dag smuldrar fellesskap og samarbeid bort. Grunnar til det er at vi følgjer latterlege mentale kart, vi er framleis i vår arrogante framslyngalder, og har ikkje makta å fri oss frå ein kultur med djupe historiske røter i erobring og utbytting.

Konkurranse spelar ei viktig rolle i evolusjonen, men ei anna rolle enn vanleg forstått – det dreier seg om mangfald, at det skal boble med nye måtar og former. Som i sunn,småskala grasrotkapitalisme, seier Goerner.
Ho meiner Darwin ville blitt tolka annleis dersom han ikkje hadde kome med sine funn i det britiske imperiets tid, teoriane hans tok farge av imperialsmen, der å hakke hovudet av kvarandre er sport nummer ein.

Ord er ikkje nok

Filosof ved universitetet i Oslo, Camilla Serck-Hansen, var inviteret på seminaret som kommentator, fordi ho innan filosofien har arbeidd med bevissthet både i filosofihistorien og med moderne tilnærmingar.
Ho meiner at mange ikkje er presise og kritiske nok i samanstillinga av ulike typer kunnskap, men brukar det som best høver – også dei som er godviljens riddarar og ynskjer eit betre samfunn og vern av kloden - Goerner og Laszlo er blant dei – Serck-Hansen meiner dei brukte for stormaska nett i innlegga sine på konferansen om evolusjon og bevissthet. Dei som hentar litt herifrå og litt derifrå kan falle for freistinga å samanlikne seg med Galilei og Einstein.

Babyunivers?

Dersom eg skulle gitt meg i kast med science fiction, ville eg tatt avspark i forestillinga om at det finst fleire univers – for kanskje føddest ikkje vårt univers av ingenting. Ervin Laszlo seier at univers oppstår og forgår. Det vil også skje med vårt. Men dersom det finst fleire, kan vi tenkje oss at livet igjen oppstår i eit univers i slekta. Og han er inne på tanken om at
at heile opplegget er for komplisert til at det kan vera første forsøk. Kanskje lever vi i eit babyunivers som ber på den genetiske koden til foreldreunivers.


Av Astrid Brekken


På livet laus, NRK P2, søndag 1. og torsdag 5. sept. 2002


 
Søk i NRK Nettradio
Banner Redaksjonen
PÅ LIVET LAUS
Sendetider i P2:
Søndager kl. 8.30
Torsdager kl. 14.30 (R)
KOLOFON
Post: RC41, NRK, 0340 OSLO
På livet løs
Tlf: 23 04 88 64
Faks: 23 04 74 70
10 SISTE PÅ LIVET LAUS
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no