Evig din
Så lenge historia kan fortelja har det budd folk på Borøy. Havet har vore ein trufast arbeidsgjevar for sjøfolk og reidarar. Men tidene skifta. Av dei 200 kvitmåla husa, er like mange for feriefolk som for fastbuande i dag. For ennå er det mange som ikkje vil ta farvel med denne perla i havgapet. Og reiser Borøybolten ut, kjem han gjerne tilbake som ferierande eller pensjonist.
 |
Gunnar Manfred Christopersen og Erling Torstensen |
Å bli mann
Mange vart fiskarar. Men skikkeleg mannfolk vart du ikkje før du hadde reist til sjøss, fortel Erling Torstensen og Gunnar Manfred Christophersen. For dei fleste var det å starta som dekksgut og gå vidare. Men skulen ombord var hard, minnes dei. Det vanska både skjellsord og lusingar. Gunnar som var liten av vekst, vart eit lett mobbeoffer for maktsjuke overordna før han sjølv kom vidare. Dei vart begge skipparar og er idag tilbake på øya si.
 |
Richard Wagner |
Sjøsjuk Wagner
Ei hending som lever i folks minne på Borøya, er komponisten Richard Wagner sitt møte med øya. 29. juli 1839 søkte eit tysk skip naudhavn på kaia i Sandvika. Wagner var på vei frå Pillau i Tyskland til London. Reisa varde i 3 1/2 veke i rykande storm, og då dei endeleg fann havn på Borøy, vart Wagner gripen av ei lukke det ikkje finns ord for. Slik skreiv han i dagboka si.
Opplevinga på den norske skjærgardsøya ga også opptakten til operaen hans: "Den flygende hollender".
Av
Åshild Ulstrup
På livet laus den 25. og 29. august 2002