I eit langt yrkesliv har søstrene Klara Nordaas og Gunvor Heimvik sydd paraplyar til bergensarane. Søstrenes nitide handverk ga paraplyar som for kundane helst skulle verta eit eingongskjøp.
170 000 paraplyar

Arbeidet starta i heimen søstrene delte på Møhlenpris. Her vart rullar på rullar med paraplystoff klipt, falla og sydd saman. Det var Klara sin jobb. Gunvor sydde trekket fast til spilene som var komne frå Tyskland. Flid og tolmod måtte til. Paraplyen skulle ta imot striregn og harde vindkast utan å bli skada. Og dei ca. 170 000 paraplyane søstrene må ha laga - heime eller i ulike butikkar seinare, vart paraplyar for livet.
Deler minnene
Begge søstrene vart tidleg enkjer. Sidan ingen av dei hadde born, flytta dei ilag.
 |
Gunvor Heimvik deler i dag rom med søsteren Klara Nordaas på Domkirkehjemmet i Bergen. |
 |
Klara Nordaas 97 bor i lag med søsteren |
Yrkeslivet er eit minne berre, men yrkesstoltheten er ennå levande tilstades i søstrene - som humoren i tilbakeblikket.
Av Åshild Ulstrup,
På livet laus den 18. og 22. august 2002
Bearbeidet for nett av Inger Braathen