Flink jente, kjekk kar
Magnhild arbeidde som fysioterapeut på sjukehuset då ein uvanleg kjekk kar skulle knaast. Pasienten var ein sjømann i utanriksfart. Han var ikkje lenge på avdelinga, og var heller ikkje sein om å ringja sin fysioterapeut. Det vart truloving ekspress og giftarmål etter 6 veker. Folk var sikker på at det var små i vente. Det var det ikkje, men begge var sikre på den eine rette - og båten venta på ektemannen.
Den lange reisa
 |
Kart over Burma |
Året etter, i 1932, vart sonen Ove fødd. Då Magnhild i 1940 endeleg skulle få mannen sin heim, kom krigen. Dermed starta den lange reisa gjennom heile aust-Europa til Burma for mor og barn. Familien fekk eit heftig og kort møte med ektemann og far før han havna i japansk fangeleir - mens Magnhild og Ove prøvde å overleva så godt dei kunne til krigen var over.
Ingen trudde dei skulle få¨møta kvarandre igjen. Det fekk dei, men mangt vart annleis.
Alderens tilbakeblikk
Magnhild som vart enkje berre 43 år gamal, er idag over 90 år og bur på Lillehammer ved sida av eine sonen sin. Livet vart langt, men kjennest kort. Hadde ein kunne velja, ville det vera fint å få leva om igjen dei siste 20 åra, meiner 90-åringen som undrar seg over kva åra kan føra med seg - m.a. at ho idag vågar å gå til byen utan hatt og hanskar.
Av Åshild Ulstrup,
På livet laus, NRK P2, 11. og 15. august 2002
Tilrettelagt for nett av Inger Braathen