skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
toppbanner_livet3
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > På livet laus Sist oppdatert 15:52
 
Jan Vermeer:

Nederlands Mona Lisa

Målaren Jan Vermeer og hans bilde skaper ny kunst. Eit ansikt, eit blikk som han har festa til lerretet på 1600-talet i Delft i Nederland har inspirert ein amerikansk forfattar til å skrive ein bestseljar.

Publisert 26.07.2002 09:39.
Forfattaren Tracy Chevalier har seld 1,6 millionar eksemplar av “Girl with a Pearl Earring”, som kom ut i 1999. Ho må vel i det stille sende ein takk til den nederlandske målaren Jan Vermeer, som levde frå 1632 til 1675. Og når kom det for henne å skrive ein roman med utgangspunkt i Vermeers bilde?

Eit intimt blikk

Tracy Chevalier fortel på telefon frå London der ho bur med engelsk ektemann og ein liten son, at sidan ho var nitten har ho hatt ein plakat av Vermeers ”Ung jente med perleøyredobb” på veggen i soverommet, og det var noko i jentas uttrykk som ein vakker dag drog henne inn i ei tankerekkje. For ansiktet til den unge jenta uttrykkjer motstridande kjensler: uskuld, erfaring, attrå, redsle. Tracy Chevalier ser både noko forførande og noko avvisande hos henne, og ein dag spurde ho seg: kva har målaren sjølv å gjera med dette uttrykket? Blikket er intimt, dei måtte kjenne kvarandre, kva gjorde han som fekk henne til å sjå slik på han?

Ein tilbaketrekt kunstnar?

Så vart tenestetjenta Griet fødd. Men Vermeer – korleis forestilte ho seg han, ein historisk person? Ho meiner han var stillfaren, tilbaketrekt, og sette kunsten over alt anna. Chevalier ser ein motsetnad i livet hans: han måla stille, fredfylte bilde, oftast av kvinner som er åleine.
Han hadde elleve barn, og det betyr eit hus fullt av lyd og bråk. For å kunne måle slike bilde må han ha skjerma seg – ingen barn i atelieret, Tracy Chevalier forestiller seg at ikkje eingong kona kom inn der, ingen bortsett frå tenestejenta som kom for å vaske. Og denne jenta, sekstenårige Griet, har eit blikk for fargar, som han oppdagar da han og kona er heime hos Griet og hyrer henne til teneste i sitt hus:

”Mannen så på meg, øynene hans var grå som havet. Han hadde et langt, ovalt ansikt, og uttrykket hans var rolig, i motsetning til sin kones, som flakket som et stearinlys. Han hadde ikke skjegg eller bart, noe jeg var glad for. Det gjorde ansiktet hans rent. Han hadde en svart frakk over skuldrene, hvit skjorte, og en fin kniplingskrage. Hatten hans var presset ned over håret, rødt som murstein vasket av regnet.
”Og hva har du gjort her, Griet?” spurte han.
Spørsmålet overrasket meg, men jeg visste nok til å skjule det.
”Kuttet opp grønnsaker, min herre. Til suppen.”
Jeg legger alltid grønnsakene i en sirkel, hvert slag for seg, som stykkene i en pai. Det var fem stykker – rødkål, løk, purre, gulrøtter og kålrabi. I midten lå en rund skive av en gulrot.
”Jeg ser at du har skilt de hvite,” sa han og viste til løken og kålrabien. ”Og det oransje og det røde er heller ikke nær hverandre. Hvorfor det?” Han plukket opp en bit av kålen og gulroten og ristet dem som terninger i hånden.
Jeg så på min mor, hun nikket så vidt.
”De fargene slåss når de er side om side, min herre.””


Femten svangerskap

Det Tracy Chevalier har prøvd er å fange i ord stemninga ho finn i bilda hans – roleg, stille, med fokus på kvardagslivet, der det skjer ein ting – ofte med ein person til stades. Berre i skildringa av Vermeers kone, Catharina Bolnes, stadig gravid, kjem vi nær inn på det kroppslege:

”Catharina var gravid i sjette måned da han begynte å male meg. Hun var allerede stor, og beveget seg langsomt, lente seg mot veggen, tok tak i stolryggene, sank tungt ned i en av dem med et sukk. Jeg var overrasket over hvor anstrengende hun fikk et svangerskap til å virke, selv om hun hadde vært gjennom det mange ganger før. Selv om hun ikke klaget høylydt, ble hver bevegelse tilsynelatende en straff. Jeg hadde ikke lagt merke til dette da hun gikk med Franciscus, da jeg var ny i huset og knapt kunne se lenger enn til haugen av skittentøy som ventet på meg hver morgen.”


Det er ungjenta Griet som ser Catharina, sjølv har Tracy Chevalier stor sympati med henne, ho fødde i alt femten barn, fire døydde, og det betydde at ho gjekk gravid i til saman elleve år.
Og når det gjeld den store interessa for Vermeer i våre dagar, seier Chevalier at det blir jo så flotte plakatar av bilda hans – og så mange vil gjerne bruke dei på bokomslag. Men viktigast er at han formidlar ei ro som vi saknar i våre eigne liv.

Kvifor ikkje på norsk?

Vermeer er av dei heilt store målarane, og Marit Lange, avdelingsleiar ved maleri og skulpturavdelinga ved Nasjonalgalleriet i Oslo, set han høgare enn Rembrandt. Ho har lese Chevaliers bok, og synest ho har fanga stemninga og kvardagslivet i Delft på 1600-talet.

Men ho vil helst ikkje at nokon kler opp historiske personar som vi veit lite om personlegdomen til. Ingen brev eller sjølvbiografiske skrifter fortel noko om mennesket Vermeer.

For ikkje lenge sidan skreiv litteraturkritikar Niels Jacob Harbitz om Chevaliers roman i Morgenbladet. Han fann boka i New York, og las henne i eitt strekk på flyet heim. Han meiner romanen er skriven i Vermeers ånd. Men dette er først og fremst boka om den unge jenta Griet. Han er lei for at ingen norske forlag har gitt ut boka, som er komen både på svensk, dansk, finsk og ei rekkje andre språk.

Ralph Fiennes som Vermeer

Dessutan blir det film av boka, eit britisk selskap skal lage filmen, og Tracy Chevalier fortel at det truleg blir Ralph Fiennes som skal spela Jan Vermeer. Det er ikkje klart kven som skal spela Griet, ei krevjande hovudrolle.
”Ung jente med perleøyredobb er Chevaliers andre bok, den første, ”Virgin Blue”, skapte ikkje overskrifter.
Etter romanen om Vermeer og Griet gav Chevalier ut sin tredje roman, ”Falling Angels”, som ho passa på ikkje var inspirert av kunst. Men i boka ho nå arbeider med med har ho vandra inn i biletvev frå middelalderen, ”Jomfrua og einhørningen”.

Vermeer-feber

To andre skjønnlitterære bøker med utgangspunkt i Vermeer-bilde kom ut same året som Tracy Chevaliers roman: ”The Music Lesson” av Katharine Weber, og ”Girl in Hyacinth Blue” av Susan Vreeland. Det gjorde Tracy Chevalier spent på om lesarane ville ha så mykje lesestoff inspirert av Vermeer på kort tid. Men ho vart gledeleg overraska.

To år etter Chevaliers roman om Griet og Vermeer, i 2001, gav den britiske biografen og forfattaren Anthony Bailey ut ein biografi om Vermeer - som har fått strålande kritikkar. Chevalier var letta fordi hennar biografiske data stemde bra med det som kom fram der – og så hadde ho ei aha-oppleving med omsyn til namnet ho hadde vald for tenestejenta. Tracy Chevalier trur det umedvetne var i sving: Griet er kort for Margriet – som betyr perle.


Av Astrid Brekken

På livet laus, NRK P2, 28. juli, 1. og 3. august 2002


 
Søk i NRK Nettradio
Banner Redaksjonen
PÅ LIVET LAUS
Sendetider i P2:
Søndager kl. 8.30
Torsdager kl. 14.30 (R)
KOLOFON
Post: RC41, NRK, 0340 OSLO
På livet løs
Tlf: 23 04 88 64
Faks: 23 04 74 70
10 SISTE PÅ LIVET LAUS
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no