skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
toppbanner_livet3
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > På livet laus Sist oppdatert 15:52
 

Høg himmel og djup avgrunn

Dersom våre kjensler, draumar og psykoser får rå grunnen, sluttar vi å konsumere, vi tek til å leva på andre måtar. Det kan ikkje dei med makt tolerere. Dei er avhengige av å kontrollere kjenslene våre.

Publisert 18.07.2002 10:50. Oppdatert 26.07.2002 10:26.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
- Det er naturen som har redda meg, seier Inger Emilie Nitter. Men utan seig vilje og stort mot hadde ho ikkje kome ut igjen av det mørke, usynlege fjellet.

Lokka i ei felle

Det lyse i barndomen skin – frisk skog, elv, blomar i liene. Og det var foreldra som viste henne denne herlegdomen. Men i barneåra var det også noko tungt og stengt: ho hugsar seg som tilskodar, at orda hennar ikkje var dei rette. Foreldra var aktive i kyrkja, der var dei alle kvar søndag, og det var bøn og bibellesing heime.
Ho seier det var som å bli lokka i ei felle: hennar sanning var ikkje dei andres sanning, hennar fridom var ikkje dei andres fridom. Dørene til Blakstad psykiatriske sjukehus slo igjen bak henne. Ho trudde framleis på det autoritetane sa, at årsaka til sjukdomen var ein biologisk feil, og tok i mot medisinane ho fekk.

- Eg har aldri opplevd eit slikt mørke. Alt lys vart borte. Eg var livredd. Eg fekk ein kropp som ei gamal kone, eg slepte beina etter meg. Og dei eg elska – mannen min, barna mine, venner – alle vart fjerne for meg. Eg var i helvete, for å seia det rett ut.Ein heller ikkje kjemikaliar i ei blomeeng utan følgjer.

Livsviktig klem

Ho kjende ikkje tillit til nokon kant. Ho prøvde ta livet av seg. Ein primærsjukepleiar, Irene, var eit lysglimt: av henne fekk ho ein klem morgon og kveld. Ho såg henne som Inger Emilie.

Ein dag på rammeverkstaden der ho hadde arbeidstrening, fekk ho ubendig lyst til å bryte sund ein blyant. Da ho hadde gjort det, bad ho om lov til å ringe Irene. Det var noko som måtte ut. Irene tok henne med til puterommet, og ho slo og slo og slo.

- Så oppdaga eg medpasientene, tok kontakt, brydde meg om dei. Eg tok til å strikke, det vart igjen ei nyting å dusje. Eg hadde vore i helvete, og det er her på jorda, det er noko menneske skaper. Også himmelen er her, himmelen er inne i oss.

Bassgitar og lukka avdeling

Inger Emilie Nitter ville gjerne dra til byen saman med ein medpasient og kjøpe ein bassgitar til han, det hadde han ynskt seg heile livet. Men det fekk ho ikkje lov til. Da vart ho sint. Og så sa fagfolka at nå går det for fort, og låste henne inne på lukka avdeling. Ho gjekk rett inn i ein psykose, og kjende seg tilbake på Jesu tid, medpasientane var disiplane. Det vart eit fint samspel i avdelinga, dei laga ei forening, ”Fra Blakstad til Blomstad”, og skåla i luft og laga medlemslister.
Underveis vart ho flytta til det aller inste avsnittet, der ho ikkje fekk ha med seg strikketøy eller målarsaker, der dei farlege var. Der var det ei seng og kvite vegger. Og gode medpasientar.

- Og eg fekk gode blikk av pleiarane. Ein pleiar gjekk tur med meg, og ein dag sa han: Når du blir frisk skal du ta med deg familien din og besøke meg og kona i Frankrike, der har vi eit hus. Eg trudde på han. To år etter gjorde vi det. Det var ei fabelaktig trøyst!

Kyrkjetårn og sprøytespissar

Som barn tykte Inger Emilie Nitter at det var ei pine kvar søndag å sjå Jesus henge på krossen, med tornekrone og blødande sår. Denne tilnærminga til Jesus øydela for hennar forhold til medmenneske. Dårleg samvet plaga henne – men det er ikkje det Jesus vil, han vil ikkje gje skuld, han vil gje fargar og lys. Ho har kjent sinne mot prestar, psykiatarar og skolefolk – ho er sjølv lærar.
- Ein må ta nokre konfrontasjonar. Så skal vi forsonast. Men ein ny orden trengs. I tanken tek eg kyrkjetårna – dei minner meg om sprøytespissar, eg er blitt tvangsmedisinert – eg tek ei lita saks og klipper opp saumane på kyrkjetårna, opnar dei og brettar dei ut, så blir dei ein blome. Da kjem det luft ned på alteret.

Psykoser er kjenslenes språk

Nitter seier at i psykosene er det verdiar for livet, dei er gull verd. Ho får ikkje medhald hos dei som set dagsorden innan psykiatrien. Men når ho held foredrag for helsearbeidarar om psykoser, fortel ho dei at psykoser er kjenslenes språk, med viktige og innhaldsrike symbol, dei er vegleiarar. Men ho forstår motstanden – for dersom våre kjensler, draumar og psykoser får rå grunnen, sluttar vi å konsumere, vi tek til å leva på andre måtar. Det kan ikkje dei tolerere som har makt over territoriet. Dei er avhengige av å kontrollere kjenslene våre.

- Men skulle vi ikkje dele? Er det meining i at nokon seier at dette er mitt, for eg var her først?

Tek ho så avstand frå all bruk av psykofarmaka?

- Ein liten valiumsrus ein sjeldan gong må vera lov, så folk kan gynge litt i ein båt, sjå blå himmel om dei kan . Men eg trur ikkje vi treng desse medisinane. Det var ein frykteleg kamp å koma fri frå dei, finne att gleda ved det erotiske, ved mat, få soverytmen tilbake, det tok år.
Eg meiner dei er livsfarlege.


Av Astrid Brekken

På livet laus, NRK P2, 21. , 25. og 27. juli 2002


 
Søk i NRK Nettradio
Banner Redaksjonen
PÅ LIVET LAUS
Sendetider i P2:
Søndager kl. 8.30
Torsdager kl. 14.30 (R)
KOLOFON
Post: RC41, NRK, 0340 OSLO
På livet løs
Tlf: 23 04 88 64
Faks: 23 04 74 70
10 SISTE PÅ LIVET LAUS
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no