skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
toppbanner_livet3
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > På livet laus Sist oppdatert 15:52
 

Forvandle andres kropp

Krimforfattar og psykiater – ein fruktbar kombinasjon? Åsa Nilsonne er båe delar, og gav i vår ut ei kritikerrost bok –”Smerteberaren”. Ein uvanleg kriminalroman.

Publisert 12.07.2002 13:37. Oppdatert 16.07.2002 12:53.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
Hovudpersonen, unge Ada Zack, har eit spesielt talent:

”Det jeg gjør er å overta driften av andre kvinners kropper. Det jeg også gjør, og som er en av grunnene til at folk godtar mitt prisnivå, er å ta over den ofte selvforskyldte smerten som gjennomsyrer mange av disse kroppene og livene, amatørmessig ivaretatt som de er.
Så nå sitter jeg her, i kroppen til en kvinne på 44 år. Hennes jeg, hennes psyke, sover i passasjersetet, og jeg er her fordi jeg kjører bedre enn henne. Jeg er her for å få kroppen hennes i form uten å la meg forstyrre av den smerten som hindrer henne fra å gjøre det selv. Jeg er her for å starte forvandlingen av hennes slappe og overvektige kropp, og den kommer til å være både funksjonell og tiltrekkende når vi er ferdige med den.”

Thriller og vitskapsroman

Forfattaren Åsa Nilsonne er i det daglege psykiater og forskar ved Karolinska institutet i Stockholm. I år 2000 fekk ho ein pris for ”Kyskhetsbeltet”, den tredje boka i ein krimserie om Monika Pedersen. ”Smerteberaren” har fått svært gode omtaler, ein kritikar skriv at ho las boka to gonger for å sjekke om ho ikkje var blitt overentusiastisk. Og forfattaren P C Jersild skriv at det finst gode idear, fantastiske idear og idear som ein gjerne vil stela – det siste gjeld ”Smerteberaren”, som han kallar ei høgst tankevekkjande og spennande kryssing mellom thriller og vitskapsroman.
Sjølv synest ikkje Åsa Nilsonne at grepet med å gå inn i eit anna menneskes kropp er så spesielt, det finst både i Bibelen og i dagens fantasi-litteratur. Men med denne vrien får ho synt fram både psykiateren og forfattaren:

”Min oppgave er å dempe de metaforiske bølgene, styre gjennom smerten og ubehaget som låser klientene i deres onde sirkler. De har forsøkt å hjelpe seg selv ved å døyve smerten med mat, alkohol, sigaretter, med lovlig og ulovlig stoff. Samtlige hjelper i øyeblikket, samtlige skaper problemer på sikt. Jeg synest nervesystemet er perverst. Det er slik skapt at det forsøker å unngå smerte og lidelse, men samtidig fører det ofte til at smerten øker.”

Kvinner som skadar seg sjølve

I haust kjem Åsa Nilsonne med ei fagbok om den metoden ho har funne fram til i arbeidet med ei pasientgruppe som er blitt omtala som borderline-pasientar. Nilsonne avviser den merkelappen og snakkar heller om personar som er emosjonelt ustabile. Metoden blir kalla dialektisk åtferdsterapi.
Ho har arbeidd mykje med unge kvinner som skader seg sjølve, og meiner ho har noko å tilby dei. Og ho er kritisk til psykiatriens tendens til å skulde på pasienten dersom hjelparane kjem til kort. Da er ikkje metodane gode nok. Sjølv har ho vidareutdanna seg som psykoterapeut, og meiner det i svært mange tilfelle, kanskje bortsett frå den tyngste psykiatrien, er eit betre tilbod enn psykofarmaka.

Tenåringar i storm

Faren var diplomat, og ho voks opp i ulike land, blant anna fem år i Etiopia. Derfor ser ho trekk og praksis i det svenske samfunnet som ho stiller spørsmål ved – til dømes at ungdom skal bli så tidleg vaksne. Særleg bekymrar ho seg om fjorten-femten år gamle jenter, som har ein hop av attenårige gutar etter seg. Dei skal seia nei, vite kva dei vil, stå imot. Men heile havet stormar rundt desse jentene, det blir stilt for store krav!
Og Åsa Nilsonne fnyser av konsulentane som blir sende rundt i skolane:
- For dei tek ikkje fatt i gutane og seier at nå får de oppføre dykk, elles blir det reine jente- og guteklasser. Nei, dei er der for å lære jentene å seia nei, korleis dei skal bera seg åt. Men det er ein illusjon, det er å forlange det umoglege!
Åsa Nilsonne har sjølv tre barn, fødde i løpet av fire år. Det var da ho tok til å skrive, for å kunne arbeide heime. Men første boka selde ikkje nok til at ho kunne det, så ho har heile tida hatt full jobb. Hybelkaninar må alle i familien ha stor toleranse for, seier Nilsonne og ler.

Av Astrid Brekken

På livet laus, NRK P2, 14., 18. og 20. juli 2002


 
Søk i NRK Nettradio
Banner Redaksjonen
PÅ LIVET LAUS
Sendetider i P2:
Søndager kl. 8.30
Torsdager kl. 14.30 (R)
KOLOFON
Post: RC41, NRK, 0340 OSLO
På livet løs
Tlf: 23 04 88 64
Faks: 23 04 74 70
10 SISTE PÅ LIVET LAUS
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no