skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
toppbanner_livet3
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > På livet laus Sist oppdatert 15:52
 
Martha Nussbaum:

Begjærets terapi

Amerikanske Martha Nussbaum spenner over eit stort register – ho var skodespelaren som elska greske tragedier og gjekk over til filosofane, ho er rettferdsaktivist, og ho skriv bøker om kjærleik, begjær og medkjensle.

Publisert 05.07.2002 14:35. Oppdatert 05.07.2002 14:39.
I si siste bok - ”Upheavals of Thought: The Intelligence of Emotions” tek Martha Nussbaum utgangspunkt i si eiga sorg da mor hennar døydde for ikkje lenge sidan. Ho skriv også om musikk og kjensler, og særleg om Gustav Mahler og hans Kindertotenlieder.

Frå scene til kateter

Eg møtte Martha Nussbaum da ho i vår heldt gjesteforelesingar for studentar innan ulike fag ved universitetet i Syracuse, upstate New York.
Ho er fødd Craven, og kjem frå velståande amerikansk, protestantisk middelklasse i New York. Ho studerte gresk og skreiv om sorg og liding i greske tragedier alt i vidaregåande, slutta på college og tok eit sidesprang til scenen, før ho fullførde studiene og tok til å undervise ved Harvard.

Skifta religion

Ho gifta seg med ein jødisk akademikar og tok hans namn og religion. Dei er nå skilde. Martha Nussbaum fekk ei dotter i 1972, medan ho skreiv doktoravhandling om Aristoteles.
Ei stolt mor fortel at dottera elska bøker frå første stund og nå tek doktorgrad i historie.

Kjensler skiftar farge

Kunst – litteratur og musikk - gjer oss meir innsiktsfulle, og meir i stand til å leva oss inn i korleis andre har det, er Nussbaums sterke overtyding. Musikk og litteratur talar til oss og om oss på forunderleg vis.
Kjensler er gode vegvisarar når det gjeld kva det er som betyr mest for oss – om ikkje alltid:
Folk kan la seg knekke av spydige og fornærmande ord frå andre. Og det kan vera naudsynt med begjærets terapi - når lysten på pengar, status og usunn konkurranse blir for sterk.

Carl Rudbeck, tidlegare kulturredaktør i Svenska Dagbladet, nå redaktør for tidsskriftet Smedjan, oppdaga Martha Nussbaum på 1980-talet da ho gav ut boka mange reknar som hennar beste – ”The Fragility of Goodness”. Og han har lese ”Upheavals of Thought” med stor glede, og seier han ikkje kjem til å sjå på kjensler på heilt same måten heretter. Særleg framhevar han hennar bruk av litterære tekster, av Henry James og Marcel Proust ikkje minst, som ein inngangsport til å forstå og leva med i andres kjensler.

Filosofi for alle

Nussbaum underviser også jusstudentar, ho er nå ved juridisk fakultet ved Universitet i Chicago, og ynskjer at som framtidige dommarar skal dei bruke nettopp si innlevingsevne. Ho nemner ei sak om seksuell trakassering frå General Motors, der ein mann blant anna pissa på ei kvinne som gjekk under ei gangbru, og der domaren var ”a literary guy” – han makta identifisere seg med kvinna.

Martha Nussbaum har i mange år vore nær sagt politisk aktivist, og ho snakkar gjerne om denne delen av livet sitt. Ho samarbeider med den indiske økonomen Amartya Sen, som fekk Nobelprisen i økonomi i 1998 for sitt bidrag til ein økonomi opptatt av fordeling og velferd. Frå 1986 er ho tilknytta FN- forskingsinstituttet WIDER i Helsingfors, World Institute for Development Economics Research, i programmet Livskvalitet.

Vil nå økonomane

Martha Nussbaum og Amartya Sen har utvikla det dei kallar capabilities approach – det dreier seg om meistringsevne: ikkje først og fremst kor mykje folk eig, men kva folk er i stand til å gjera og å vera.
Denne måten å tenkje på vinn terreng, seier Nussbaum, til og med i Verdsbanken. Det er makteliten og næringslivsøkonomane Martha Nussbaum aller helst vil nå med tankar om sosial rettferd. Dei spelar ei enorm rolle og påvirkar korleis folk lever i alle land.

Martha Nussbaum kjem med ei oppfordring til alle akademikarar, og ikkje minst til filosofar som arbeider med politikk og moral, om å engasjere seg direkte eller i alle fall gi pengar for å minske naud og urettferd i verda.

Det er ikkje få bøker ho har gitt ut, og titlane kan gjerne lesast som poesi:
The Fragility of Goodness
Love’s Knowledge
The Therapy of Desire
Poetic Justice
Hiding from Humanity
Upheavals of Thought

Av Astrid Brekken

På livet laus, NRK P2, 7.,11. og 13. juli 2002

LENKER

 
Søk i NRK Nettradio
Banner Redaksjonen
PÅ LIVET LAUS
Sendetider i P2:
Søndager kl. 8.30
Torsdager kl. 14.30 (R)
KOLOFON
Post: RC41, NRK, 0340 OSLO
På livet løs
Tlf: 23 04 88 64
Faks: 23 04 74 70
10 SISTE PÅ LIVET LAUS
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no