Når fortid blir nåtidSom barn kokte mat ho på grua. Som yrkesaktiv formidlar ho fortida. Sjølv lever ho i gamletida. Publisert 28.06.2002 08:45. Når Tutta Laukholm idag formidlar fortida for born og vaksne ved Sunnhordland folkemuseum, blir det meir enn tørre ord frå folkeminne-studiene. For Tutta har sjølv gamletida både i seg og med seg.
Mat på gruaTutta Laukholm vaks opp i Bindal i Nordland. Garden var utan veg og låg einsamt til. I mørke kveldar kunne det vera mangt som eggja fantasien. Elektrisiteten var ennå ikkje komen til garden, og maten var kokt på grua.
Det var som å leva i fortida i lag med tanter, onklar og besteforeldre. Om kveldane, etter leggetid, samla dei vaksne seg på kjøkenet. Då var det spennande å liggja med øyro mot plankegolvet på soverommet over. Det var frodige forteljarar i slekta, og historiene overgjekk kvarandre.
Kystkvinne-sjefenTutta Laukholm er i dag kulturformidlar ved Sunnhordland folkemuseum. Med sine rollespel frå gamledagane er ho stadig på farten. Ein dag er ho den gamle kystkvinna, ho som styrde bruket og familien mens mannen var på fiske. Kvinna som fekk bruk for alle sine evner - og som visste kva ho var god for, men som sakte fekk smuldra opp sjølvbildet sitt.
Det var mangsysleriet, kvinna med eit stort register av eigenskapar - som det moderne samfunnet også etterlyser.
Huldre-TuttaAt Tutta kjem frå ei nordlandsk huldreslekt, er det få i Sunnhordland som tvilar på det. Huldrespela i lag med Maria Malmsten Steinkopf er vide kjent. Her spelar Tutta den gamle huldremor med mangt på hjarta frå det løynde livet - og frå tradisjonshistoria vår.
Slik får ho fortida til å bli levande liv - som når born får sjansen til å greia ein kvardag for hundre år sidan. Det gir styrke og identitet, meiner Tutta - som med sin eigen barndom skulle vita kva ho snakkar om.
Av Åshild Ulstrup
På livet laus, NRK P2 30. juni og 4. juli 2002
|