skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
toppbanner_livet3
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > På livet laus Sist oppdatert 15:52
 

Det sunne, slanke livet

Bør vi tenkje nytt, ta eit steg til når det gjeld innsikt i kva maten gjer med oss? Da får kanskje feitt og sukker selskap med fint mjøl, poteter og ris på lista over mat vi bør vera varsame med.

Publisert 21.06.2002 16:09. Oppdatert 21.06.2002 16:24.
Kva har lege og spesialist i indremedisin Fedon Lindberg ete til frokost når det velsigna brødet ikkje lenger er i høgsetet?
- Jeg spiste to egg, skinke, tomat, paprika og agurk.
Lindberg bakar sitt eige brød, utan fint kveitmjøl, men et ikkje mykje brød. For etter at han slutta med det, vart han kvitt eit utslett han har hatt sidan han var tenåring.

Glykemisk indeks

Lege Fedon Alexander Lindberg lever som han lærer, og er i løpet av kort tid blitt ein kjend talsmann for eit kosthald som blant anna skal førebyggje diabetes og høgt blodtykk og redusere overvekt.
Og om han og forskinga han har i ryggen er på rett spor, bør vi heretter ikkje berre vera merksame på feitt, men også lære oss kva mat som har høg glykemisk indeks – der mat blir rangert etter effekten på blodsukkeret. Det er viktig å ha eit kosthald som ikkje raskt jagar opp blodsukkeret – blant matvarene som gjer det finn vi sjølvsagt alt som inneheld sukker, men også fint brød, pasta, ris og poteter.

Menn ikkje føre var

Lindberg oppretta for eit par-tre år sidan klinikken Vekt i balanse i Oslo. Han har gitt ut to bøker med både helseinformasjon og oppskrifter, den siste, "Kokeboken naturlig slank" kom for kort tid sidan. Folk frå både Oslo-regionen og andre delar av landet oppsøkjer klinikken, sytti prosent er kvinner, men Lindberg seier det burde vore omvendt, for det er mennene som har dei største problema.

Ned femti kilo

Ei som synest ho har hatt glede av Lindbergs kostråd er Ingrid Heiberg Ottesen frå Geilo. Ho er terapeut og tilbyr blant anna akupunktur og soneterapi. Som Fedon Lindberg et ho lite brød, ho bakar sjølv av mjølslaget spelt, og et pålegg med brød, ikkje omvendt: makrell, sardinar, skinke, tunfisk.
Fløytegratinerte poteter på ein Geilo-restaurant ein gong i blant er OK, men fint mjøl er ute, og sukker har ho erstatta med fruktose.Ho er konsekvent, og på to år har ho gått ned femti kilo, ho tek sikte på å bli kvitt tjue til. Tidlegare var ho vegetarianar, men la likevel på seg. Ho seier at ho aldri har ete så mykje som dei siste to åra – men ho går ned i vekt fordi samansetnaden av kosten er ein annan. Dessutan understrekar ho kor viktig det er å røre på seg: ho syklar femten kilometer og går minst ein time kvar dag.

Det gode feittet

Fedon Lindberg understrekar kor viktig det er at vi får i oss essensielle feittsyrer som vi blant anna finn i feit fisk, ulike oljar, i frø og nøtter. Han meiner mange av oss slurvar med dette. Også for sin eigen del er han opptatt av å førebyggje diabetes og høgt blodtrykk gjennom kosthaldet, for det er fleire i familien som har desse plagene.

Dr. Atkins’ meny

I fjor sommar møtte stortingsrepresentant Anita Apelthun Sæle ei venninne som hadde gått ned i vekt, og dagen etter starta ho på hennar slankekost, utarbeidd av ein amerikanske lege, dr. Atkins. Opplegget er ikkje det same som det Fedon Lindberg har, sjølv om dei båe åtvarar dei som vil ned i vekt mot for mykje kolkydratar. Frukt står ikkje på Sæles meny for tida. Ho har gått ned 18-20 kilo. Som kjent fører fleire vegar til Rom, det som virkar bra for ein treng ikkje gjera det for ein annan.

Barn må få hjelp

Fedon Lindberg tilbyr også såkalla ketogen kost, med berre 40 gram karbohydratar per dag, dersom det er tale om stor overvekt. Men eit slikt kosthald skal ikkje vare i lang tid, og skal skje i samarbeid med fagfolk.

- Noe jeg brenner for er barn og overvekt, seier Lindberg. - I en familie med tre barn er kanskje ett overvektig, selv om barna får samme maten. Da er det viktig at helsevesenet har hjelp å tilby slik at barnet ikke må slite med dette problemet gjennom oppvekst og ungdom. For mange er rammet – svenske tall forteller at hvert femte barn bærer på for mange kilo.

Av Astrid Brekken

På livet laus, NRK P2, 23. og 27. juni 200


 
Søk i NRK Nettradio
Banner Redaksjonen
PÅ LIVET LAUS
Sendetider i P2:
Søndager kl. 8.30
Torsdager kl. 14.30 (R)
KOLOFON
Post: RC41, NRK, 0340 OSLO
På livet løs
Tlf: 23 04 88 64
Faks: 23 04 74 70
10 SISTE PÅ LIVET LAUS
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no