skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
toppbanner_livet3
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > På livet laus Sist oppdatert 15:52
 
Sjølvbiografien:

Sansen for det levde livet

Det er den magiske sjansen til å gå inn i livet til ein annan som virkeleg får oss til å tenkje over vårt eige. Liv Ullmann har skrive sjølvbiografi, og er kanskje med på å fornye forma - ho skriv i episoder, ikkje ulikt eit filmmanus.

Publisert 07.06.2002 11:13. Oppdatert 07.06.2002 11:51.
SE OGSÅ:
- Vi ynskjer å vite korleis verda ser ut når ho er opplevd av ein annan person – og når vi finn fram til ei overtydande forteljing, kjenner vi oss djupt tilfredse. Som lesarar blir vi blir så og seia i stand til å prøve på oss den andres erfaringar, seier historikaren Jill Ker Conway.

Å halde opp ein spegel

Reaksjonane ho har fått på sine tre sjølvbiografiske bøker stadfestar at så skjer, og særleg når det gjeld den første, bestseljaren”The Road from Coorain”, som er om barndomen på ein avsides gard, skolegang og at ho reiser frå Australia og mora som er enkje og klamrar seg til henne. Der har mange gitt uttrykk for at dei har fått støtte til å lausrive seg, og til ikkje å ha dårleg samvet for å ha reist frå Australia. Jill Ker Conway studerte historie ved Harvard i USA og har aldri flytta attende.

Humanisering av historia

Sjølvbiografien og biografien kan forfalle til skvalder, seier den engelske biografen Michael Holroyd. Men trass i den risikoen er det ein sjanger som kan humanisere historia. Det skriv nok Jill Ker Conway under på, og som historikar er ho opptatt av sjølvbiografien, memoaren, erindringa, og har redigert fleire bøker med sjølvbiografiske skrifter av kvinner frå 1800 og tidleg 1900-tal: ”In Her Own Words. Women’s Memoirs from Australia, New Zealand, Canada, and the United States”, “Written by Herself, Volume I: Autobiographies of American Women”, og “Written by Herself, Volume II: Women’s Memoirs from Britain, Africa, Asia, and The United States.”

Dinosaurane

Ho seier ho er interessert i forfattaren og kvifor ho eller han ynskjer å skrive. Og ho legg også merke til kva som ikkje blir skrive om, for det fortel mykje,om samfunnet og om verdiar som ikkje blir tatt opp til vurdering.
Ho er interessert i kva mottaking desse forteljingane får, korleis tema finn gjenklang i tida, og nemner i denne samanhengen si tredje sjølvbiografiske bok, ”A Woman’s Education”, der særleg den mannlege høgresida ikkje var så oppglødd over å få ei kvinne – den første – og ein feminist som president for ein ærverdig lærestad for kvinner – Smith College i USA. Jill Ker Conway skriv engasjert - og humoristisk - om denne viktige perioden, åra frå 1975 til 85. Her får dinosaurane – bakstrevararane – eit spark:

”Dinosaurene sa ”Fru President” i en tone som fikk det til å høres som en fornærmelse. De mannlige feministene så forbauset på sine eldre kollegers oppførsel. ”Damene” var beroligende damete, og ansiktene til de yngre kvinnene blant fakultetsmedlemmene skinte av glede over at tiden var kommet for et oppgjør med eldre, mannlige kolleger. Det var et syn fra min presidentstol.
John hadde sneket seg inn på et fakultetsmøte, og overrasket meg en dag med en reprise, der han spilte alle rollene. Særlig hadde han taket på dinosaur-rollen. Et fornærmende, salvelsesfullt ”Fru President” inntok samtalene i Conway-familien som et verb brukt i diskusjoner der den ene parten var nedlatende: ”Ikke Fru-president meg”, kunne en av oss si, til undring for tilhørere som ikke kjente koden.”

Bilen som heim

Jill Ker Conway ville skape nytt ved Smith College, blant anna ville ho at kvinner over 25, også dei utan god råd eller på trygd, skulle få sjanse til utdanning:

”Jeg skal aldri glemme den moren som kom til Smith året før vi skaffet penger til støtte for mødre på sosialtrygd. Jeg ble oppmerksom på henne fordi hun tok med seg de to barna sine på den årlige studentmottakelsen, og jeg spurte dem hvor de gikk på skole. Svaret brakte meg til en annen verden. – ”Vi kan ikke gå på skolen. Vi har ingen adresse. Mamma er på trygd, og ingen vil leie ut til henne.”
Hun gikk på filosofiforelesninger om dagen, om kvelden leste hun Platon og Aristoteles i lyset fra en lommelykt i bilen hun delte med barna.
Hvert år måtte jeg holde tilbake tårene når jeg delte ut vitnemål til eldre kvinnelige studenter, og særlig mødre på sosialtrygd. Noen av dem fikk høyeste karakter. Starten deres i livet hadde vært tøff, men en beskjeden investering og skikkelig mental støtte hadde gitt skjulte talenter rom til å folde seg ut. Dette var utdanning som virket slik utdanningsidealister alt på 1800-tallet ønsket seg.”

Å granske si indre tekst

- Dersom vi ikkje blir ramma av psykiske problem, bruker vi lite tid på vår eige indre tekst, medan vi ødslar tid på andres, i filmar, i fjernsynsseriar, seier Ker Conway.
Ein kvar som skriv sjølvbiografisk ynskjer at andre skal lære noko av hennar eller hans liv, seier Jill Ker Conway.

- Likevel ligg behovet for å granske vår indre tekst like under overflata. Medan vi trur at vi les ei gripande historie, er det som virkeleg fangar oss dei tankane historia utløyser om vårt eige liv.
Men er det sjølvdyrkande å skrive om sitt eige liv? Er vi redde for å kjede andre? Eller tek vi våre eigne opplevingar for gitt, meiner det er ingenting å fortelja?
Jill Ker Conway synest nokre av dei beste sjølvbiografiane er skrivne av heilt ukjende menneske, eit døme er ”Angela’s Ashes” av Frank McCourt, som kom på norsk i 1997 med tittelen ”Engelen på det sjuende trinn: En irsk barndom”, og ho nemner spesielt ein australsk mann frå fattige kår som har skrive ein bestseljande sjølvbiografi: ”A Fortunate Life”.

Ikkje berre kjærleik

Jill Ker Conway seier altså at ho som historikar legg merke til kva folk ikkje skriv om i sjølvbiografier. Eg har lagt merke til at ho sjølv skriv lite om at mannen, John Conway, hadde manisk-depressiv sjukdom, og om kva påkjenning det må ha vore.
Da han døydde var ho fast bestemt på ikkje å gje seg over til sorga, ho hadde både moras reaksjonar på farens død i friskt minne, og ei skildring av ei anna enkje frå sjølvbiografien ”Fierce Attachements” av den amerikanske journalisten og forfattaren Vivian Gornick. Jill Ker Conway hadde prøvd på seg Gornicks erfaringar, og skriv i boka ”When Memory Speaks” at Gornick får lesaren til å kjenne den kvelande stemninga i dei små romma, kor ho grudde seg til mora kom att frå arbeid, kor ho lengta etter å dra sin veg, bu saman med ein vettug person, slå ut vengene og kjenne seg levande:

”Ho hadde gjort ekteskapet sitt til ein romanse som ikkje var til å halde ut, ho hadde klynga oss alle opp på ein kross: fars tidlege død. Kjærleik, sa ho, kjærleik er alt. Ei kvinnes liv er bestemt av kjærleik. Alle prov på det motsette – og dei er det rikeleg av - vart oversette og ignorerte.
- Mamma,” sa eg, - du var 46 da han døydde. Du kunne gått ut i livet, andre kvinner med langt mindre ressursar har gjort det. Du ville stengje deg inne i forestillinga om pappas kjærleik. Det er heilt vilt! Du har vore tretti år inne i forestillinga om kjærleik. Du kunne hatt eit liv.”

Lausriving

Ker Conway seier at det ligg henne på hjarta å skrive om korleis menneske leitar etter og finn måtar å bruke evnene sine på.
Moralen ein kan trekkje frå livet til hennar eige mor er at medan ho hadde utfordrande arbeid, som sjukepleiar eller på ein sauefarm langt ute i den australske villmarka, var ho ikkje til å stanse. Men ho gjekk i oppløysing når ho ikkje lenger hadde eit konstruktivt utløp for virketrongen. - Det er sterkt på moten å snakke om at kvinner utviklar sitt moralske medvet gjennom tilknytinga til mora, men eg meiner det er feil, seier Conway. Den første boka hennar, The Road from Coorain, er ei forteljing om å bli skilde åt, om å vera uavhengig og om lausriving.

Det erotiske overspela

I eit Dagbladintervju sa den engelske forfattaren Antonia Byatt at stort sett har folk gjort meir enn å ha eit seksualliv, men det ser ikkje slik ut i enkelte biografiar. Det er ikkje folks liv som er viktig, det er kva dei gjer. Ho likar eldre biografiar, dei konsentrerer seg mest om arbeid, mindre om liv. Det same kan seiast om Jill Ker Conways sjølvbiografiar – og noko ho skriv lite om er erotikk. Ho seier at erotiske er del av livet, men langt frå heile livet, slik enkelte vil ha det til, og særleg når det gjeld kvinner. Ho har med viten og vilje ikkje skrive stort om det, for å få fram alt det andre i eit kvinneliv.

Romanse og epos

Conway hevdar at kvinner og menn skriv ulikt. Kvinner skriv livshistoriene sine som romantiske forteljingar, menn som greske epos. Dei gjer dette spontant, seier Ker Conway, og ho er interessert i kvifor dette skjer og blir oppretthalde. Ho har ikkje ynskt å halde fram i den tradisjonen, ho er ikkje den passive kvinna som ting skjer med, Jill Ker Conway handlar og er aktiv.

Sjølvbiografien utfordrar romanen?

I boka ”When Memory Speaks” – Når minnet talar – skriv ho spennande om ulike former for sjølvbiografiar i nåtid og fortid, frå den religiøse krafta hos Hildegard von Bingen til den verdslege egoismen hos Jean Jacques Rousseau, frå den ambisiøse pragmatismen hos industristjerna Henry Ford til den sjølvutslettande stilen til den mektige eigaren av Washington Post, Katharine Graham.
Jill Ker Conway slår fast at sjølvbiografien er svært populær blant moderne lesarar, og utfordrar romanen. Kanskje gjeld det meir i den engelsk-språklege verda enn i vår - men om så er - kvifor?
Ho meiner at litteraturkritikken har fått oss til å lesa skjønnlitteratur meir og meir i eit psykoanalytisk perspektiv. Vi ser han ikkje lenger som i Tolstojs og Dickens si tid som realisme, vi ser han som produkt av ein kreativ fantasi. Og så mykje i moderne romanar er fantasi – dei kan tilmed ha to-tre ulike sluttkapittel du kan velja mellom. Ker Conway hevdar at moderne skjønnlitteratur har ikkje same kraft til å setja i gang sjølvrefleksjon som tidlegare. Sjølvbiografien gjev deg høve til det – og vi går ut frå at personen som skriv fortel sanning.

Minne må få flyte fritt

Men kor sanne er sjølvbiografiar? Skal vi lesa dei med ei klype salt i mente? Svaret er ja – minnet er ikkje alltid til å lite på.
Den austerrikske forfattaren Soma Morgenstern skriv om kva som skjer med han når han går inn i minnene:
”Gong på gong gjer eg den erfaringa at minna ikkje er til å lite på, dersom ein ikkje underkastar seg tankens ukontrollerte assosiasjonsprosess. Den beste kontrollen av minnet er ingen kontroll. Ein kan ikkje mjølke minna sine. Ein må la dei flyte fritt.”

Av Astrid Brekken

NRK P2, På livet laus, 9. juni kl 8 30 og 13. juni kl 14 30 2002


 
Søk i NRK Nettradio
Banner Redaksjonen
PÅ LIVET LAUS
Sendetider i P2:
Søndager kl. 8.30
Torsdager kl. 14.30 (R)
KOLOFON
Post: RC41, NRK, 0340 OSLO
På livet løs
Tlf: 23 04 88 64
Faks: 23 04 74 70
10 SISTE PÅ LIVET LAUS
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no