skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
toppbanner_livet3
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > På livet laus Sist oppdatert 15:52
 
Jill Ker Conway:

Gift deg aldri med elskaren din

Ho har skrive ein bestseljande sjølvbiografi om vegen frå ein sauegard på dei enorme australske slettene til historiestudier ved Harvard. Jill Ker Conway er i dag styreleiar i eit fleirnasjonalt selskap og professor i historie. Og intervjua i På livet laus av Astrid Brekken kjem ho med eit råd til unge kvinner: Gift deg aldri med elskaren din.

Publisert 31.05.2002 11:37.
Jill Ker Conway har skrive tre sjølvbiografiske bøker, og den første, ”The Road from Coorain” (1989), er ein bestseljar. John Kenneth Galbraith skreiv om boka: ”Eit lite meisterverk – eg har vore i Australia mange gonger, men denne reisa gav meg mest.”

Børs og akademi

Jill Ker Conway er i dag gjesteprofessor ved MIT i Boston, og styreleiar i det fleirnasjonale selskapet Lend Lease Corporation, ved sida av mange andre styreverv. Ho var i ti år president ved Smith College, eit av dei beste kvinnecollega i USA, og har skrive mange bøker, blant anna om sjølvbiografiske skrifter frå ulike tider og delar av verda. Ho er utnemnd til æresdoktor ved seksten ulike universitet og lærestader.

Lei av australske mannsmyter

Eg møtte Jill Ker Conway nyleg på det elegante styreleiarkontoret hennar i Lend Lease Corporation i Boston. Og når ein kjend historikar skriv sjølvbiografi er det nærliggjande å tenkje at ho har fleire grunnar til å gjera det: For det første er ho lei av den mannlege australske myten om villmarka – the outback – godt polstra av filmar som Crocodile Dundee, Gallipoli og The Man from Snowy River – alle viser ein australsk mannleg helt på kanten av samfunnet, nesten fredlaus, utan familie. Ho ville skrive ei anna historie frå villmarka – med ei heltinne: mora, og med ein forteljar med kvinnestemme – henne sjølv.

Samfunnet taper

Dessutan finst det hundrevis av erindringar skrivne av menn om korleis dei lykkast i livet. Jill Ker Conway ville skrive om sitt eige liv slik at det kunne bli ein vegvisar for unge kvinner som tenkjer på framtida, på utdanning og yrke. Det gjer ho ikkje minst i boka ”True North” (1994). Og ein tredje grunn til å skrive om eigne erfaringar er å vise lesarar av båe kjønn kor mykje samfunnet taper på ikkje å investere i og bruke kvinners evner, noko ho også understrekar i ”A Woman’s Education” (2001, alle tre memoarane er utgitte på Alfred A. Knoph, New York), om sine ti år som første kvinnelege president ved Smith College.

Slettelandet

Den vesle jenta Jill Ker vart prega av naturen i New South Wales i Australia. I ”The Road from Coorain” skildrar ho barndomens landskap og tilvære i bilde som set seg fast:
Ein gong i blant var det festdagar med ridekonkurranse og dans, midt ute på slettelandet med bølgeblikk over langborda. Før dei reiste kvar til sitt reiste dei seg og song God save the King for å minne kvarandre - ikkje så mykje om England, men om imperiet, der Australia var den mest storslåtte delen. Dei som ikkje delte denne respekten fekk fort kjenne at dei ikkje høyrde til.
Og så drog bilane heim frå festen på dei vegane, frontlysa stod som pillarar tvers over slettene. Den som kom heim først kunne stå på verandaen og sjå dei andre dra, synlege tretti kilometer borte. På vanlege kveldar fanst berre stjernene, ein rev som skreik, eller lyden av vinden. Dersom det var ein bil ute svært seint på kvelden, betydde det at noko stod på. Fjerne tilskodarar ville strekkje hals for å sjå kvar bilen drog, og undrast kva som hadde gått gale.

Jenter gret ikkje

Far til Jill Ker var gruve- og gardsarbeidar, og melde seg til krigsteneste i 1914. Opplevingane i skyttargravene i Europa fekk han leva med som nattlege mareritt resten av livet. Men som soldat fekk han tildelt jord, 40 tusen mål nær Hillston i New South Wales i 1929. Mor til Jill Ker var utdanna sjukepleiar og leiar for ei sjukestue på landsbygda da dei to møtte kvarandre, og ved hjelp av sparepengar fekk dei bygd hus og kjøpt inn sau. Dei ynskte å bli i stand til å gje barna ei god utdanning, og ikkje minst var mora kvalitetsbevisst, ho kjøpte vakre og varige ting til huset på auksjonar med møblar og utstyr frå velståande folk. Dei fekk to søner og ei dotter – Jill, ho var yngst. Dei hadde ambisjonar for ungane, brørne vart sende på kostskole da inntektene etter kvart tillet det, medan Jill vart farens medhjelpar med sauene. Ho var så lita at ho ikkje kom seg opp på hesten utan hjelp eller noko å stå på, og mang ein gong gret ho under den enorme himmelen ute på slettene. Men i Ker-familien var det ikkje god tone å gråte. Ein gong frakta vinden lyden av gråten hennar til faren på andre sida av ei stor innhegning. Da dei igjen var på same stad, såg han på henne og sa: Eg tykte eg høyrde nokon gråte? Sjuåringen såg han inn i augo og sa: Ikkje eg.

Tørke som drep

Det fall mykje regn i 1939. Så kom årevis med tørke. Det går sterkt inn på alle, særleg på faren, som blir mager og nervøs. Han druknar medan han er ute åleine og reparerer eit vassrøyr i ein dam. Jill Ker er ikkje sikker til denne dag om det var ei ulykke eller sjølvmord, men vonar at ein hjartefeil ho fekk kjennskap til mange år etterpå var årsaka.
I delar av første sjølvbiografien teiknar Jill Ker Conway bildet av mor si som ei australsk heltinne i villmarka: sterk, modig, ergjerrig, kunnskapshungrig.
Som etterkvart velståande, middelaldrande kvinne i ein Sydney-forstad misser livet mål og meining for Jill Kers mor. Ho klamrar seg til barna sine, og støttar seg tungt på roande medisinar og alkohol. Jill Ker Conway er klar i si tale, ho vil ikkje ha noko av sentimentalisering av foreldre, noko ho ser som eit problem, ikkje minst i mor – dotter forhold.

Bort med den romantiske tåka

Nå er ikkje Jill Ker Conway ein romantikar. Ho har sterke kjensler og sterke meiningar. Ho ynskjer seg eit samfunn der folk var meir innstilte på å yte til fellesskapen, og at opplæring til samfunnsengasjement skal bli eit undervisingsfag. Og i denne samanhengen ser ho også lærestader som utdannar kvinner og menn kvar for seg som verdifulle. Da legg ikkje den romantiske tåka seg så lett.
Ho trur ikkje på myten om romantisk kjærleik, han vart oppfunnen for å få kvinner til å godta den forteljinga om sine liv som seier at alt går i oppfylling når dei møter elskaren.
Så ho seier alltid til unge kvinner at dei skal ikkje gifte seg med elskaren – dei skal gifte seg med ein mann som respekterer dei som yrkesutøvar, slik at dei kan skape eit liv saman basert på noko anna enn den store erotiske myten. Veit vi ikkje alle at romantisk kjærleik er ein stor fantasi – etter at den erotiske feberen har gått ned må dei to leva med kvarandre, og det skjer best gjennom felles engasjement som rekk vidare enn til sjølve personane. Jill Ker Conway smiler og seier at synspunktet er ikkje populært i eit samfunn dominert av Hollywood.

Harvard

Familien reiser til Sydney når Jill Ker er elleve år. Starten er vanskeleg, mora tek to jobbar for å halde Jill på privatskole. Men ho held på garden og investerer i nye sauer like før regnet når Coorain, og sikrar familien god økonomi resten av tida. Jill er ein topp-elev, ho skildrar seg sjølv som bråmoden intellektuelt og som ein sosial klossmajor. Ho tek til på universitetet i Sydney, men droppar ut det første året, ho er einsam og synest studiene er meiningslause. Ho arbeider som legesekretær i nesten to år, før ho går tilbake til studiene, og avsluttar med beste resultat og medalje.
Så søkjer ho Harvard i USA for å ta hovudfag i historie. Dette er sluttlinene i boka ”The Road from Coorain”, året er 1960, og ho reiser frå Australia – for godt.

Kjærleiken

Ved Harvard møter ho kanadiske John Conway, 18 år eldre, universitetslærar, og ho skriv at det var viktig for henne at han også hadde andre erfaringar – som infanterioffiser i andre verdskrig, og som ung arbeidde han som tømmerhoggar i feriane, på avsides plassar i Britisk Columbia.
John Conway var – som Jill Kers far - merkt av krigen, også fysisk, han mista ein arm.
Ho hadde vore ein omsorgsperson – først for faren som lita, så for mora, og nå viser det seg at mannen ho elskar er manisk-depressiv. Men ho seier ho lærde seg å setja grenser og søkje hjelp når det var naudsynt. Dei flytta til Canada i 1964, og arbeidde båe ved universitetet i Toronto, der ho også vart visepresident.

Aldri barn

Ho skriv i sjølvbiografien ”True North”:
Høsten 1968, befridd fra byrden av doktoravhandlingen, innså jeg brått at jeg var alvorlig besluttet på å bli historiker. Jeg nærmet meg 34, og så meg selv som akademiker.
Det kan virke seint å oppdage dette, men fordi samfunnet definerer barn som kvinners oppgave nummer en, har hun behov for å klargjøre om hun vil ha barn eller ikke, og om hun skal leve alene eller sammen med et annet menneske. Hun kan arbeide iherdig i tjueårene, men når hennes indre diskusjon om disse tingene når en konklusjon, blomster hun som yrkesaktiv, og hun går inn i en svært produktiv fase.
Etter 1968 visste jeg at John og jeg var et par for livet. Jeg visste at jeg ikke kom til å reise tilbake til Australia. Jeg var historiker. Og 34 år gammel gav jeg opp alt håp om å kunne føde barn etter mange aborter. Jeg måtte legge den store sorgen til side og samle meg om andre ting.

Nok ein snubletråd for kvinner

Dersom ho hadde fått barn, ville ho skaffa seg hushjelp og halde fram som før. Ho meiner at ein av måtane kvinner er blitt privatiserte på i den moderne verda er fordi psykologane har fortalt kvinner at småbarn vil ta skade dersom dei blir tatt hand om av andre enn si biologiske mor. Det skjedde akkurat da kvinner på 1880- og 90-talet fekk tilgang til høgare utdanning. Ingen andre samfunn har gjennom tidene praktisert eit slikt system, det er berre ein kort periode at middelklassefamilien har hatt råd til det.
Ektemannen John Conway støttar henne fullt ut når ho seier ja til presidentstillinga ved Smith College, men kjem først etter når den verste flyttinga er over. I 1975 set ho seg åleine i bilen med sølvtøyet og dei kjæraste eigedelane og reiser frå Toronto. Dei neste ti åra skulle stå i handlingas teikn. Ho ville gjera kva ho kunne for å gripe og forme energien kvinnerørsla hadde mobilisert, til formål ho meinte ville vare lenger enn eit motblaff.

Næringslivet treng kvinner som Ker Conway

I dag, sju år etter at mannen døydde, bildet av han står på skrivebordet i Lend Lease Corporation, det gjer også bildet av ein kjær katt, i dag jonglerer Jill Ker Conway ein mildt sagt variert arbeidsdag - halvparten av arbeidstida hennar går med til Lend Lease, Australia-basert selskap med engasjement i førti land, og ho sit i styret i Nike og Merrill Lynch og mange andre.

På spørsmål om ho ikkje har hatt problem med å sitja i styret til for eksempel Nike på grunn av skuldingar om å drive rovdrift på arbeidskraft i utviklingsland, svarar ho at ho har brukt mykje tid på å reise til fabrikkane rundt om i verda og få i stand ulike tiltak, blant anna i samarbeid med organisasjonen The Global Alliance for Workers and Communities, tiltak som kjem arbeidarane til gode, blant anna utdanning og små lån for å starte eigne verksemder.

Ho balanserer dette ved også å arbeide i styra til universitet, skolar og sjukehus.
Og så gjev professor, styreleiar og forfattar Jill Ker Conway meg ein spenningsroman frå universitetsmiljø som ho skreiv i fjor saman med ein kollega – utgitt under pseudonym.
Og når har ho ferie? Det har ho i huset på landet om sommaren – da skriv ho.

Av Astrid Brekken

På livet laus, NRK P2, søndag 2. juni kl 8 30 og torsdag 6. juni kl 14 30, 2002


 
Søk i NRK Nettradio
Banner Redaksjonen
PÅ LIVET LAUS
Sendetider i P2:
Søndager kl. 8.30
Torsdager kl. 14.30 (R)
KOLOFON
Post: RC41, NRK, 0340 OSLO
På livet løs
Tlf: 23 04 88 64
Faks: 23 04 74 70
10 SISTE PÅ LIVET LAUS
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no