Kjell Steinsvik kjøpte i 1958 Morud Bruk for produksjon av stein- og betongelement, og flytta til Modum med si unge brur. Og frå ein dag i 1968, da han oppdaga at det var planar om å byggje ein trevarefabrikk ved den gamle Glashytta, har kvar dag stått i Blaafarveværkets teikn. Med harde og mjuke tak har Tone Sinding og mannen skapt både eit kunstsenter og eit museum som er kjent i store deler av Europa.
Sterk motvind
Og dei harde taka nedfelte seg blant anna i at dei sa opp lokalavisene for å unngå å få motstanden rett i ansiktet før arbeidsdagen starta. Dei las alt som Argus-klipp litt seinare. For dei har ikkje berre hatt medvind i arbeidet.
Aldri meir stress
Tone Sinding Steinsvik er administrerande direktør og kunstnarleg leiar for Blaafarveværket. Kjell Steinsvik døydde i 2000, og da bestemde ho seg for ikkje å stresse meir: ho måtte gje rom til innfall og kreativitet. Og når ho er sliten på ein fredag ettermiddag går ho rett til sengs og blir der til utpå laurdagen – da er som ved eit under kreftene tilbake. Og ho er velsigna med evne til å synast at ikkje noko arbeid er kjedeleg, til og med å vaske opp når ho er på hytta er heilt fint!
Blomstrande frukttre
Den 18. mai opna jubileumsutstillinga – Tone Sinding Steinsvik vil at vi skal oppdage den svenske kunstnaren Carl Fredrik Hill (1849-1911), ein av dei store i nordisk kunst, men lite kjend i for mange her i landet. Svenskane står i kø for å sjå han, og det gjer dei rett i, både oljemålarstykka og teikningane hans set spor.
Huset i huset
Og i det gamle, vakre våningshuset på Nyfossum stiller Ida Lorentzen ut bilde i pastell, med motiv frå dette huset. Ei spesiell oppleving i eit særprega hus.
Av Astrid Brekken
NRK P2 På livet laus, søndag 19. mai 2002 kl 830, torsdag 23. mai kl 1430.