skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
toppbanner_livet3
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > På livet laus Sist oppdatert 15:52
 

Ikkje søtt når for mykje

Når du går inn i heisen neste gong, sjekk om du trykkjer på knappen som lukkar dørene, eller
om du har tid til å vente på at dørene går igjen.

Publisert 02.05.2002 13:48. Oppdatert 07.05.2002 12:42.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
  • Windows Media 32kbps.ca. 29 min  Døgnet har mange timar - men ikkje mange nok? I På livet laus snakkar vi om å vera sliten og utmatta i det moderne livet.
Hjelp | Mer lyd og video

Dette er eitt grep Ulla Britt Lilleaas brukar for å lære kroppen sin å ta det litt meir med ro. Så pustar ho djupt, heller enn å stresse i heisen. Og ho har slutta med å lytte på telefonsvararen og lesa e-posten samtidig. Ho legg seg også på sofaen på kontoret iblant – men tør ho tilmed sova? Amerikanarane har skaffa seg nap rooms, der dei kan ta ein power nap. Blunderom kan ikkje minst vera viktig for dei som har søvnforstyrringar.

Trøtthetens tid

Ulla Britt Lilleaas er samfunnsforskar, og i gang med eit doktorgradsarbeid om kva kroppsvanane betyr for helse, handling og endring. Ho har tidlegare gitt ut undersøkinga ”Trøtthetens tid” saman med professor Karin Widerberg – om korleis tid og arbeid påvirkar oss i det moderne livet .

Sjefen skal ha tid

I undersøkinga til Lilleaas og Widerberg sa femten prosent –altså cirka kvar sjuande person at dei kjende seg direkte utmatta fleire gonger i veka. I ei stor verksemd med mange ingeniørar tilbaud forskarane å koma attende for å fortelja om funna sine, men svaret frå ein sjef var at dei hadde ikkje tid.

Fullt under teppet

Når sjefen ikkje ynskjer å lytte, går det mykje inn under teppet. Som ein leiar sa til Randi Noyes: Nå er det så mykje under teppet her at eg kan ikkje gå på det lenger. Da hadde han oppsøkt henne - ho er rådgjevar og samtalepartnar for leiarar.
Randi Noyes er innstilt til den amerikanske prisen Book of the Year for boka si om emosjonell intelligens: ”Kunsten å lede seg selv. Få gjennomslagskraft med emosjonell intelligens”, og driv firmaet Leadership International, Inc., i USA og Norge.

Fornuft og kjensler

I løpet av sommaren skal for øvrig 150-200 norske leiarars emosjonelle intelligens testast, samtidig med at medarbeidarane deira skal svare på spørsmål om søvn, humør,om dei er utmatta, om dei har psykosomatiske plager.
I følgje ei europeisk arbeidsundersøking står det ikkje ille til i norsk arbeidsliv, har vi kort arbeidsveke, til gjengjeld får vi jobben unna raskare enn andre europearar. Men vi stressar meir. Tempoet aukar, og få føler dei rekk å gjera jobben godt nok. Bak det ligg også det som er blitt kalla kvartalskapitalismen og børsverdien.

Brytarane

Vi klagar over høgt sjukefråvær – kor stort ansvar har sjefane for det? Leiaranes store utfordring er å evne å setja seg inn i korleis medarbeidarane har det. Men når sjefen er stressa, har vedkomande for lite overskot til å klare det. Og da bør ein sjef enten legge om – eller seia takk for seg.
Tore Brandtzæg gjorde det siste, og høver inn i kategorien brytar når Ulla Britt Lilleaas ordnar dei ho forskar på. Han er ein ung IT-toppsjefen som braut tvert av, etter 32 turar i året til Sør-Afrika var det ikkje lenger ei glede å sjå Table Mountain.

Stanse i kjellartrappa

Han ville brenne for noko. Han er blitt bedriftsrådgjevar, og har starta Endringshuset AS. Han vil hjelpe verksemder med å skape arbeidsplassar som evnar å fange opp trøytte og slitne folk før dei går heilt ned i kjellaren.
Det er ikkje nytt at folk slit seg ut, men det er nytt at så mange av dei er unge. Stadig fleire deltar i det fleksible 24-timarslivet med dei tre p-ane: prosjekt, prestasjon, produkt. Ver klar over at når du ikkje lenger gler deg over noko, er det eit faresignal. Den som skal leva godt nå og i framtida må kjenne seg sjølv og sine eigne grenser.

Av Astrid Brekken

På livet laus, NRK P2, søndag 5. mai 2002 kl 8 30 og torsdag 9.mai kl 14 30


 
Søk i NRK Nettradio
Banner Redaksjonen
PÅ LIVET LAUS
Sendetider i P2:
Søndager kl. 8.30
Torsdager kl. 14.30 (R)
KOLOFON
Post: RC41, NRK, 0340 OSLO
På livet løs
Tlf: 23 04 88 64
Faks: 23 04 74 70
10 SISTE PÅ LIVET LAUS
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no